Prosjektstilling som fysioterapeut/ergoterapeut/idrettspedagog

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er ein spesialistinstitusjon innan fysikalsk medisin og rehabilitering. Senteret gir tilbod om rehabilitering for pasientar med behov for ei tverrfagleg og heilskapleg tilnærming i spesialisthelsetenesta.

Vi har driftsavtale med Helse Vest RHF om både dag- og døgnrehabilitering. Vi tilbyr fysikalsk rehabilitering ved kreftsjukdom, nevrologiske lidingar, CFS/ME, muskel-/ skjelettlidingar, hovudskade, hjerneslag, tinnitus/ Menières sjukdom, samt livsstilsendring ved sjukleg overvekt. Senteret har og tilbod om arbeidsretta rehabilitering for personar der tilbakeføring til arbeid/ utdanning er ei målsetting.

Det medisinsk faglege teamet består av legar, sjukepleiarar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, sosionom/attføringskonsulent, idrettspedagogar, klinisk ernæringsfysiolog, helsefagarbeidar og logoped. Vi held til i Flekke i Fjaler, om lag 15 mil nord for Bergen.

__________________________________________________________________________

Fysioterapeut/Ergoterapeut/

Idrettspedagog

 

Vi har følgjande ledige prosjektstilling retta mot arbeidsretta rehabilitering, og søkjer etter fysioterapeut evt. ergoterapeut/idrettspedagog med erfaring eller interesse innan

 arbeidsretta rehabiltering.

-          Vi har ledig ei 100% prosjektstilling i perioden 01.02.18 – 31.12.18.

Stillinga vil vere knytt til teamet som i hovudsak har ansvar for arbeidsretta rehabilitering.

Arbeidsoppgåvene består av;

- individuell kartlegging og oppfølging

- undervisning og motivasjons-/endringsarbeid individuelt og i grupper

- organisering av fysisk aktivitet, individuelt og i grupper

- deltaking i tverrfaglig teamarbeid

- samhandling med lokale aktørar som for eksempel arbeidsgjevarar, kommunehelsetenesta og NAV

Det er forventa at den som vert tilsett kan fungere som koordinator for pasientar. Denne oppgåva omfattar koordinering av den enkelte pasient sitt rehabiliteringstilbod samt individuell oppfølging av pasientane. 

Stillinga passar for deg som er interessert i å arbeide tverrfagleg med eit ressursorientert fokus innan rehabilitering og har god kjennskap til ICF. Senteret nyttar tilpassa fysisk aktivitet, kognitiv terapi, rettleiing og undervisning som tilnærming i behandlinga. Arbeidet føregår i stor grad i tverrfaglege team saman med andre faggrupper. Gode samarbeidseigenskaper er difor viktig. 

KVALIFIKASJONAR:

Autorisert  fysioterapeut/ idrettspedagog/ergoterapeut. Søkarar må ha norsk autorisasjon og beherske norsk skriftleg og munnleg. 

Det vil kunne bli stilt krav om framlegging av politiattest forut for tiltreding i stillinga jfr. Helsepersonelloven § 20a.

VI TILBYR:

•  Arbeid med utfordrande faglege oppgåver i eit engasjert tverrfagleg team

•  Varierte arbeidsoppgåver i eit høgt kompetent miljø

•  God tilrettelegging for kurs / fagleg oppdatering

•  Konkurransedyktige vilkår

•  Eit godt arbeidsmiljø

Stillinga er ledig frå 01.02.18. 

ARBEIDSGJEVAR OG ARBEIDSSTAD: 

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS

Haugland, 6968 FLEKKE

HEIMESIDE:  www.rkhr.no

KONTAKTPERSON:  Thor Grane, Personalleiar

Telefon: 577 37 107

SØKNADSFRIST: 

30. desember 2017

SØKNAD MERKAST: 

Prosjektstilling fys/idr/ergo

SØKNAD MED CV, ATTESTAR OG VITNEMÅL SENDAST TIL: ledigstilling@rkhr.no

W1bwahlnwbyuclwadfwz

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS

Søknadsfrist

søndag 30. desember 2018