Sogn regionråd søkjer trainee innan arealplanlegging

Sogn regionråd er samarbeidsorgan for kommunane Aurland, Balestrand, Høyanger, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal.

Regionrådet skal vera ein felles arena med fokus på å sikra og vidareutvikla rammevilkåra for busetnad og næringsliv i regionen. Sogn regionråd skal også fungere som base for definerte prosjekt og vidare ha som mål å samordna og forenkla oppgåver for eigarane.

Fleire av kommunane i Sogn regionråd søkjer i lag etter ein eller fleire trainee(ar) innan arealplanlegging

Arbeidsstad: kvar trainee vil i tilsettingsperioden ha arbeidsstaden sin hjå to av kommunane i samarbeidet, fordelt på seks månader i kvar kommune.

Om stillinga
Vi ser etter deg som kan ivareta nokre av desse arbeidsoppgåvene

  • Utarbeiding av reguleringsplanar
  • Deltaking i sentrums og tettstadutviklingsprosjekt
  • Oppdatere eigedomsdatabasar
  • Kvalitetsheving av temakart (oppmåling kan inngå)
  • Sakshandsaming innanfor byggesak

Kvalifikasjonskrav – formelle og personlege eigenskapar

  • Fortrinnsvis mastergrad innan planfag
  • Gode samarbeidsevner
  • Gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg
  • Løysingsorientert
    • Evnar både å fokusere på detaljnivå og heilhet i løysingar

Vi kan tilby deg

  • Konkurransedyktige vilkår
  • Godt arbeidsmiljø med god takhøgd
  • Gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Utfordrande arbeidsoppgåver

Som Framtidsfylket Trainee får du

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til 
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur


Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket Trainee

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Ta kontakt med Arnvid Hovland i Høyanger kommune for meir informasjon om denne stillinga: arnvid.hovland@hoyanger.kommune.no / 992 06 457


NB: Alle traineestillingane må søkast på gjennom Framtidsfylket.
Dersom du ikkje har brukar kan du registere deg her.

Sogn region

Søknadsfrist

1. mars 2018

Søk stilling

Kontaktpersonar

Arnvid Hovland