Vaktmeister

Vi har ledig 100 % fast stilling som vaktmeister ved Forvaltning, drift og vedlikehald (FDV).

FDV er ei intern serviceeining som har ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av alle bygningane som Førde kommune eig. Dette er skular, barnehagar, institusjonar, kulturhus og omsorgsbustadar. FDV har og ansvar for tilsyn og vedlikehald av leikeplassar, idretts- og ballbaner. FDV administrerer og utfører dagleg tilsyn, drift og vedlikehald av bygningane og dei tekniske installasjonane. Eininga har 64 tilsette der 14 er vaktmeistrar.

Vi søkjer deg som:

  • har gode samarbeidsevner og liker å arbeide saman med andre
  • likar fysisk arbeid og taklar ein hektisk arbeidskvardag
  • har god serviceinnstilling
  • er ansvarsfull, påliteleg og omgjengeleg
  • har grunnleggande datakunnskapar
  • kommuniserer godt på norsk
  • har førarkort klasse B


Det er ein fordel om du har:

  • fagbrev innan byggdrift eller erfaring innan vaktmeisteroppgåver
  • liftkurs
  • stillaskurs
  • førarkort klasse BE

Søknad:

Du søkjer med vårt elektroniske søknadsskjema. Oppgje sak nr. 17/2765.

   

Opu7b8uj3s1pbxr9glab

Førde kommune

Søknadsfrist

29. oktober 2017

Kontaktpersonar