Einingsleiar i Tildelingseininga for helse- og omsorg

Vi har ledig 100 % fast stilling som einingsleiar for Tildelingseininga.  Eininga er lokalisert på rådhuset.

Tildelingseininga er frå 01.07.2017 skilt ut som ei eiga eining, og i samband med utskillinga vert det lyst ut stilling som einingsleiar. Eininga har ansvaret for det meste av sakshandsaming innanfor helse- og omsorgstenester og har 5,5 årsverk. Einingsleiar vil ha det totale ansvaret for eininga, det vil seie ansvar for både personal, drift, fag og økonomi. Einingsleiar vil og vere ein del av sakshandsamingsressursen i eininga.

Vi søkjer deg som:

  • er engasjert, utviklingsorientert og har evne til å inspirere og motivere
  • er god til å samarbeide og kommunisere
  • er fleksibel og løysingsorientert
  • har gode datakunnskaper

Du må ha:

  • helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning
  • relevant leiarerfaring
  • sakshamdsamingskompetanse

Det er ynskjeleg med utdanning innan helse- og sosialadministrasjon eller anna relevant leiar/økonomi utdanning.

Løn etter avtale.

Du søkjer med vårt elektroniske søknadsskjema. Oppgje sak nr. 17/2296.

Opu7b8uj3s1pbxr9glab

Førde kommune

Søknadsfrist

30. august 2017

Kontaktpersonar

Kurt Even Andersen