Gota 16
https://www.misf.no/
post@misf.no
Atle Reidar Sandnes
atle.reidar.sandnes@misf.museum.no
95238933
Musea i Sogn og Fjordane (MiSF) si oppgåve som museum er å dokumentere, forske og formidle natur-, kulturarv og kunst i Sogn og Fjordane. Etter den siste regionreforma er vi no ein del av det nye Vestland fylke, og Musea i Sogn og Fjordane er eitt av ti konsoliderte museum i Vestland fylke.
Vi hadde i 2019 eit samla besøkstal i MiSF på over 57.540 besøkande.
Visjon
«Musea i Sogn og Fjordane skal vere ein relevant og aktiv samfunnsaktør innan kunst og kulturarv»
Musea i gamle Sogn og Fjordane fylke vart konsoliderte til Musea i Sogn og Fjordane (MiSF) i Januar 2009. Følgjande sjølvstendige museum er i dag med i MiSF:
Stiftinga MiSF sitt føremål er å drive museum ved å drive innsamling, bevaring, dokumentasjon, forsking og formidling, i tillegg til anna kulturell verksemd. Museet skal drive inntektsgjevande verksemd med naturleg tilknyting til hovudverksemda, det vil seie verksemd som er med på å realisere stiftinga sitt ideelle og kulturelle føremål, som konsulent- og spesialtenester, kafé, museumsbutikk og utleige.