Solund kommune

Solund kommune

Hardbakke 26

http://www.solund.kommune.no

post@solund.kommune.no

Kontakt

Jens-Eivind Kobbeltvedt

Jens-Eivind.Kobbeltvedt@solund.kommune.no

Om oss

Solund kommune ligg ytst ute i Sognefjorden og er den einaste reine øykommunen i Sogn og Fjordane. Solund er også den minste kommunen i fylket, med om lag 820 innbyggarar.

Kommunen tilbyr offentlege tenester innan barnehage, grunnskule, helse og omsorg, plan og utvikling, økonomi og administrasjon. Dei offentlege tenestene har lokalitetane sine på Hardbakke, som er kommunesenteret til Solund.

Tilkomsten skjer sjøvegen – enten via hurtigbåt, ferje eller eigen båt. Det går dagleg hurtigbåt til og frå Bergen og Nordfjord, både morgon og kveld.

I Solund kan du gå på øyhopping, reise på fyrsafari til Utvær, fiske, sykle, skate eller klatre på ein av de mange bergveggane. Du kan òg spele fotball på ei ny kunstgrasbane, prøve den populære discgolfbana og delta i eit aktivt friluftsliv med fokus på kystkulturen og det unike landskapet. Solund er eit mekka for dei som elskar å vere ute i båt eller padle.

Sjå denne fine filmen for å bli betre kjent med Øyriket Solund.

Solund kommune er ein del av merkevara Visit FjordKysten. Følg lenka for å sjå meir om aktivitetar, naturen og attraksjonane på kysten av Sogn og Fjordane.

Velkommen til Solund!


Ledige stillingar