Postboks 153
6851 Sogndal
http://www.sogndal.kommune.no
postmottak@sogndal.kommune.no
576 52 500
Sogndal kommune ligg ved Sognefjorden i Vestland fylke og har vel 11.700 innbyggjarar. Kommunen er ein tilflyttingskommune og har god vekst i folketalet. Sogndal er regionsenteret i Sogn og skal vera ein motor for vekst og utvikling i regionen. Både studentar og turistar finn vegen hit - og mange har funne draumeplassen i ein kommune med flott natur, gode lokalsamfunn og attraktive arbeidsplassar.
Sogndal blir ofte kalla ”saftbygda” grunna Lerum AS, som har avdelingar både i Sogndal og i Kaupanger.
Den største arbeidsplassen er Høgskulen på Vestlandet. Høgskulen har rykte på seg for å ha eit godt og inkluderande studentmiljø, og dei 2600 studentane skapar liv i bygda.
Studenthuset Meieriet arrangerar over 135 ulike arrangement årleg, der om lag 40 av desse er konsertar. I mars kvart år vert VEKAO arrangert av studentar i Sogndal. I ti dagar vert det daglege aktivitetar og konsertar med norske og internasjonale artistar. Her samlast studentar, bygdefolk og tilreisande på det som har rykte på seg til å vere eit av Norges beste konsertlokale. Kvart år besøker 6000-7000 personar VEKAO.
Sogndal er kjent for fotballaget sitt, Sogndal fotball, og det å vere verdas einaste tippeligabygd. Det er kjekt å besøke heimebana Fosshaugane Campus, uansett om ein er interessert i fotball eller ikkje.
Kommunen har eit godt lokalmiljø, eit koseleg sentrumsområde og eit variert kulturliv.
Velkommen til Sogndal!