PocketID AS Hovedbilde
PocketID AS

PocketID AS

Hetlebakkane 1, 6827 Breim, Noreg

http://www.pocketid.no

Sindre@pocketid.no

Kontakt

Sindre Seppola Reed

sindre@pocketid.no

958 78 706

Om oss

PocketID AS - historie og visjonar.

PocketID AS kom til verda og vart registrert i Brønnøysund i januar 2014. Men før det var det eit svært langt og innhaldsrikt svangerskap som går over 30 år tilbake i tid.
Grunder, Per Svein Reed har fleire tiår bak seg som pressefotograf med fast frilanskontrakt med VG der han primært dekka Vestlandet. For å få pressebilda fort fram, var Reed den første i landet utanfor "Akersgata" som fekk telefotosendar og kunne sende bilde via telefonen frå hendingar på Vestlandet til redaksjonen i Oslo.

Etter kvart kom det digitale kamera i avisredaksjonane som gjorde jobben langt enklare for fotografane ute i felten. Også på dette området var vi blant dei første i landet til å ta i bruk denne teknologien, og dette vart på mange måtar første delen av svangerskapet til PocketID.

Som frilansfotograf var det ikkje alltid det var hendingar som var av interesse for desken i Oslo, så vi måtte ha fleire bein å stå på. Skulefotografering var eit slikt bein, og vi var første skulefotoaktør i landet som tok i bruk digital foto til skulefotografering. Alle konkurrentane var i starten samstemte i sin dom. Dette var alt for tidleg, og alt for dårleg kvalitet. Men det tok ikkje lang tid før dei måtte bite desse orda i seg og invisterte i digitalkamera sjølve.

Dei digitale filene måtte gjerast om til vanlege bilde, så når Fujifilm kom med sin digitale fotolab til Europa, var vi snare med å ta turen til Tyskland for å sikre oss ein av dei første digitale labane som kom til Europa.

Etter kvart var det fleire og fleire i "konsumentmarkedet" som fekk seg digitalkamera. For å produsere bilde var det så langt berre blekkskrivarar som var alternativet. Vi som hadde investert i digital kjemibasert fotolab såg ein ny marknad, og den fekk vi ein eventyrleg start på etter at vi hadde lagt ut nokre linjer om nyinvesteringa på web-en. Redaktøren i Din Side Data fanga opp dette og sende eit knippe med bilde på epost for å teste tenesta. Han vart mektig imponert, og laga ein fantastisk reportasje på Din Side.

Dette var samtidig som den spede starten på online fototeneste som var under utvikling i Silicon Valley. Investorar i USA gjekk inn med enorme summar for å satse på denne nye teknologien. Vi såg også at med vår nye digitale fotolab og den fantastiske omtalen vi fekk i fagblad var det grunnlag for å etablere eit nytt selskap som reindyrka online produksjon av bilde. Eurofoto AS vart skipa i 2000 som det første online fotoselskapet i Europa.Det vart ein gedigen suksess !

Paralellt med den gode utviklinga i Eurofoto, vart mykje av teknologien som vart utvikla vidareført til Reed Foto si skulefotosatsing. I løpet av nokre få år snudde vi heilt opp ned på den norske skulefotobransjen. Vi kunne levere digitale bilde til skuleadministrasjonane, vi kunne på ein enkel måte produsere årbøker, og ikkje minst, vi kunne produsere og levere skulebevis på plastkort med bilde. Dette var ei enorm nyvinning for skuleadministrasjonane som i mange år hadde brukt enormt med tid på å skrive ut skulebevis til elevane for hand.

Sidan vi starta med den første plastkort-produksjonen har det vore ei enorm utvikling. I dag er det ikkje lenger berre skulebevis, men kort med elektroniske funksjonar for bibliotek, døropnar, kantine og skuleskyss m.m. Dei elektroniske korta har vorte ein stor kostnad for skulane, og upraktisk for elevane som stadig mista korta sine.

Frå plastkort til mobil.
Tida vart etter kvart overmoden for å finne "morgondagens løysing", og den var basert på mobiltelefonen. Med vår lange fartstid som skulefotofirma,hadde vi god dialog både med elevar og ikkje minst skuleadministrasjonane. Vi visste kor "skoen trykka" . Og det fekk vi ytterlegare bekrefta når vi hausten 2013 gjennomførte eit forprosjekt som grunnlaget for etableringa av selskapet PocketID AS. Både elevar og tilsette var meir enn klar for eit alternativ til dei mange plastkorta. Kvifor ikkje legge alle desse funksjonane inn i mobiltelefonen basert på sikker innlogging via FEIDE ?
Etter eit omfattande utviklingsarbeid kunne vi hausten 2016 presentere ein betaversjon for ca 10.000 testbrukarar. Det var overveldande positiv tilbakemeldingar både frå elevar og tilsette i administrasjonane.

Skuleåret 2017-18 hadde vi ca 30.000 brukarar, og til skuleåret 2018-19 vil det vere i overkant av 60.000 brukarar i vidaregåande skular frå dei fleste fylka i landet. Frå å drive eit aktivt salg opp mot skulane i starten, er det no nye skular og fylkeskommunar som kjem til oss for å knyte seg til tenesta.

Når vi skriv så omfattande om det lange svangerskapet, så er det for å vise at vi i alle år har vore i forkant av utviklinga. Vi har heile tida sagt at vi ikkje berre skal dekke eit behov, men vere med å forme "morgondagen" med å tenkje nytt og kreativt, og å utvikle tekniske løysingar som tidlegare ikkje har vore kjent og utprøvd.

Ein føresetnad for å kunne realisere alle prosjekta vi har starta opp, har vore at vi har hatt fantastisk dyktige utviklarar som har vore svoltne på nye spennande oppgåver. For fleire av desse har våre prosjekt vore springbrett til større både nasjonale og internasjonale jobbar. Ein av ungdomane som var med å utvikla Eurofoto sit i dag i ei nøkkelstilling i Google i Skottland, og fleire av dei andre har i ettertid komt tilbake og takka for dei store og spennande oppgåvene og utfordringane dei fekk med å vere med å utvikle våre prosjekt. No treng vi fleire folk som kan vere med å vidareutvikle vår nye store satsing PocketID. Vil du vere ein av desse ?

Våre visjonar.
Vi er inne i ein ekstremt spennande periode med full utrulling av PocketID for ca 60.000 brukarar i vidaregåande skular denne hausten. Så langt er tilbakemeldingane fantastisk gode. Dette gjeld ikkje minst for det siste i utviklingsprosjektet, nemleg "selfie-løysing", der elevane tek bilde av seg sjølv til skulebeviset.
I Norge er det ca 200.000 elevar i vidaregåande skule, og vår målsetjing er å verte den landsdekkande løysinga.

Gjennom eit godt samarbeid med Trøndelag fylkeskommune har vi mange tilleggsfunksjonar som skal utviklast og integrerast i PocketID. Dette gjeld m.a. å utvikle løysing for skuleskyss, vi skal ta i bruk NFC teknologien og utvikle løysing for både døropnar og printer/kopimaskin. Og løysing for betaling i kantina er ein av funksjonane vi vil få utvikla fram mot neste skuleår, hausten 2019.

Vi er også i tett dialog med fleire høgskular og universitet om bruk av PocketID. Dei ser på løysinga vår som eit etterlengta alternativ til dagens løysing. Her også vil det vere mykje kreativt utviklingsarbeid som skal gjerast.


PocketID AS Kulturbilde

Ledige stillingar