Hafstadvegen 23-25, 6800 Førde, Norge
6800 Førde
https://www.peaksunnfjord.no/
post@peaksunnfjord.no
Kontorfellesskapet PEAK Sunnfjord yrer av kreativt liv og store tankar. Med ei rekke bedrifter samla under same tak, har PEAK Sunnfjord blitt eit av dei mest spennande arbeidsmiljøa i regionen. Her veks det fram alt frå appar, elbilladarar og andre smarthusløysingar. I tillegg vil du finne rådgjevande krefter og kloke hovuder som er verdt å slå av ein prat med i lunsjen. PEAK Sunnfjord er meir enn berre eit kontorlandskap. Det er også ein møtestad for næringslivet, ein stad for nettverksbygging på tvers av fagmiljø og ein stad for å dyrke nye idear. Med eigen arrangementskomitée, lunsjpitchar og eit gamingroom med bilsimulatorspel og andre aktivitetar, ligg alt til rette for trivsel både før og etter 16:00.