NRK Nynorsk mediesenter Hovedbilde
NRK Nynorsk mediesenter

NRK Nynorsk mediesenter

Storehagen 10

http://www.nynorskmediesenter.no

nynorskmediesenter@nrk.no

Kontakt

Rune Fossum Lillesvangstu

rune.fossum.lillesvangstu@nrk.no

+4791874111

Om oss

NRK Nynorsk mediesenter er eit opplæringssenter for meir nynorsk i media. Senteret har vore i drift sidan 2004 og held til i lokala til NRK Vestland i Førde.

Vi tek inn fem nynorskpraktikantar i halvåret, med start i januar og august. Søknadsfristane er 15. april og 15. oktober.

Nynorskpraktikantane får ei svært praktisk opplæring, med mykje praksis og lite teori. Dei er fire månader i Førde og to månader i ekstern praksis i ulike redaksjonar, i og utanfor NRK.

Praktikantane får løn under opplæringa, men har korkje bindingstid eller garanti om arbeid i NRK etterpå. I snitt arbeider 60 prosent av dei som har gått her i media.

Vi leitar etter nynorskbrukarar som ønskjer å bli journalistar på radio, fjernsyn, internett og sosiale medium. Dei må vere engasjerte, samfunnsorienterte og språkleg medvitne.

Tilsette:
Rune Fossum Lillesvangstu – leiar
Eva Marie Felde - faglærar


Ledige stillingar