Norec Hovedbilde
Norec

Norec

Fjellvegen 9, 6800 Førde, Norge

http://www.norec.no

norec@norec.no

Kontakt

Camilla Ericsson Valvik

camilla.valvik@norec.no

98017614

Om oss

Norec finansierer og legg til rette for at verksemder og organisasjonar i Norge og land i Afrika, Asia og Latin-Amerika kan utveksle fagpersonar og frivillige seg imellom. Partnarane våre deler kunnskap mellom menneske i ulike land gjennom innovativt samarbeid og felles utvikling av mål.

Målet vårt er å skape positive endringar på individ- og institusjonsnivå. Vi veit at unge menneske som reiser på utveksling endrar haldningar, får større kulturell forståing og nye verdiar. Institusjonane som tar imot unge på utveksling får nye impulsar, større nettverk, styrka samarbeidsevne og meir kunnskap. Summen av dette fører til meir tolerante, opne og kunnskapsrike lokalsamfunn.

Alle prosjekta vi støttar er initiert og oppretta lokalt av institusjonane som er involvert. Innbyggjarane sjølv veit best kor skoen trykker i samfunnet sitt. Dette lokale eigarskapet sikrar langsiktigheit og er ein berekraftig tilnærming til globale utfordringar.

Norec Kulturbilde

Ledige stillingar