Nordfjordrådet

Nordfjordrådet

Grandavegen 9, 6823 Sandane, Norge
6823 Sandane

http://www.nordfjord.no

elisabeth.hatlenes@stad.kommune.no

Kontakt

918 27 841

Om oss

Nordfjordrådet er regionrådet for kommunane Vågsøy, Selje, Eid, Stryn, Hornindal og Gloppen. Nordfjordrådet skal vere ein aktiv pådrivar og arbeide strategisk med samfunnsutvikling i regionen. Det er ordførarane i kvar kommune som utgjer medlemmane i Nordfjordrådet. Rådmennene i kommunane har møte- og talerett i rådet. Leiarvervet i regionrådet går på runde mellom ordførarane med 2 år om gongen.

Nordfjord er ein bu- og arbeidsmarknadsregion med om lag 30.000 menneske, attraktive tettstader som kompletterer kvarandre, sterk kultur for innovasjon og gründerånd og eit svært offensivt og variert næringsliv. Mykje ligg til rette for vekst i Nordfjord i åra framover, fordi vi har eit næringsliv som er godt tilpassa «det grøne skiftet» og framtidas vekstnæringar.

Fritida fyller du lett med gode opplevingar i Nordfjordregionen. Regionen strekker seg frå kysten med surfebølgjene på Stad til skiaktivitet på Strynefjellet. Naturopplevingar med godt utbygde stinettverk, gjer området attraktivt for syklistar, fjellfolk og skientusiastar. Kulturtilbodet i regionen er unikt, med sitt breie tilbod i kommunane og spydspissar som løfter heile regionen. Ikkje mange i Norge kan skryte av eige operahus! Opera Nordfjord er vi stolte av i heile regionen. I tillegg til kvalitetstilboda vi har gjennom Trivselshagen på Sandane, Nordfjordhallen i Måløy og kulturhuset i Stryn – så er regionen i Norgeseliten innan kulturtilbod og naturopplevingar! Sjå meir på www.nordfjord.no.

Kontaktinfo:

Det er ordførar i Vågsøy, Kristin Maurstad som har leiarvervet i Nordfjordrådet no.

Adresse: Grandavegen 9, 6823 Sandane

Mob: 412 34 049

Epost: Kristin.maurstad@vagsoy.kommune.no

Dagleg leiar for regionrådet:

Roger Aa Djupvik

Mob: 918 27 841

Epost: roger.djupvik@gloppen.kommune.no

Ledige stillingar