Missing caption
Njøs frukt- og bærsenter

Njøs frukt- og bærsenter

Njøsavegen 5
6863 Leikanger

http://www.njos.no

shh@njos.no

Kontakt

Om oss

Njøs frukt- og bærsenter er ei namne-endring av Njøs næringsutvikling som fylgje av at me blir tilført ein stor og langsiktig prosjektportefølje frå Graminor.

Njøs frukt- og bærsenter skal vera nasjonalt foredlingssenter for norske frukt- og bærsortar. Dette er ein omfattande nasjonal aktivitet som me skal utføra for Graminor, og som vert finansiert over Jordbruksavtalen.

Me har aktivitet knytta til prosjektleiing og utprøving av nye frukt- og bærsortar og arter i felt på Njøs, og treng engasjerte medarbeidarar som kan stå på for utvikling av eksisterande og nye produksjonar.

Me har også betydeleg internasjonal prosjektaktivitet, særleg knytt til arbeid med genetiske ressursar og sortsforedling.

Njøs frukt- og bærsenter er samlokalisert med Norsk landbruksrådgiving Vest, og totalt er me 14 personar som har sitt daglege arbeid på Njøs pr. desember 2019.