NAV Økonomiteneste Hovedbilde
NAV Økonomiteneste

NAV Økonomiteneste

Sognefjordvegen 56

nav.okonomiteneste@nav.no

Kontakt

Linn Sofie Ugulen

linn.sofie.stavn.ugulen@nav.no

95023101

Om oss

Eit godt stykke inn i Sognefjorden, i den vesle bygda Leikanger, finn du NAV sin interne tenesteleverandør for lønns- og rekneskapstenester. NAV sitt rekneskap utgjer 1/3 av statsbudsjettet, og vi har ei viktig rolle for å sikre god kvalitet på rekneskapen. På lista over våre ansvarsområde i etaten finn du vidare:

  • Utbetaling av 450 mrd. kroner i årlege ytingar
  • Utbetaling av lønn og utbetalingar til alle NAV sine statleg tilsette
  • Fagansvar for tid og stempling i tidregistreringssystemet MinWinTid
  • Rekneskapsføring for drift og stønad
  • Fakturahandsaming og betaling
  • Kommunikasjonssenteret – intern brukarstøtte for NAV innan tid, reise, lønn, faktura og rekneskap
  • Rettleiing innanfor økonomiområdet

Det flotte NAV-bygget på Leikanger deler vi med tilsette på NAV Sogndal, NAV Vestland, NAV Kontaktsenter og NAV sitt webinarsenter. På NAV Økonomiteneste er vi 90 tilsette fordelt på 3 seksjonar:

  • Lønn
  • Innkjøp, betaling og rekneskap
  • Fagstøtte

Det beste med å jobbe med oss

Vi har gode fleksitidordningar, og testar ut ulike løysingar for ein hybrid arbeidskvardag (med ein kombinasjon av fysisk arbeidsplass og bruk av heimekontor). Som arbeidsgjevar ynskjer vi at arbeidskvardagen skal vere prega av gjensidig fleksibilitet, forutsigbarheit, forplikting og fellesskap.

Vi har eit godt kollegafellesskap som treffast både i kantina, ved kaffimaskina, på Teams og for å gå ein fjelltur saman i «trimtimen» vår. Saman med resten av NAV-bygget har vi NAV Idrettslag (NAVIL) som har felles trening, arrangement og er med på turneringar. Gjengen på NAV Økonomiteneste held eit høgt tempo, i eit fagleg sterkt miljø og bidreg inn i store prosjekt i NAV. At vi frå bygda Leikanger kan utgjere ein så viktig funksjon i NAV er særs motiverande. Vi er definitivt med på det som skjer i NAV – og det er ein stor fordel at jobben så lett kan kombinerast med aktivt frilufts- og familieliv ved Sognefjorden. Samlinga av store, statlege og spennande arbeidsplassar gjer miljøet i bygda unikt.

NAV Økonomiteneste Kulturbilde

Ledige stillingar