Lærdal Grønt SA Hovedbilde
Lærdal Grønt SA

Lærdal Grønt SA

Grandavegen 6, 6887 Lærdal, Norge
6887 Lærdal

http://lg.no

harald@lg.no

Kontakt

958 32 715

Om oss

I hjarta av Sognefjorden ligg Lærdal – den frodige dalen i den grøne kommunen. Langs Lærdalselvi ligg gardane med sine rike jordbrukstradisjonar. Her blir det dyrka alt frå moreller og bringebær til poteter og gulrot. Dei lange, lyse dagane, varmen som blir fanga opp av bratte fjellsider, og det rike jordsmonnet, er alt med på å gje optimale vekstforhold. Sakte modning skapar smak, lange tradisjonar skapar kvalitet.
Lærdal Grønt SA er ei samanslåing av frukt- og grøntprodusentane i Lærdal. Det fremste målet vårt er å ta vare på den gode, naturlege smaken og kvaliteten – heile vegen frå bonden til deg som kunde
Me har moderne anlegg for mottak, sortering og pakking av frukt og grønt - som moreller, bringebær, jordbær, aprikos, poteter, gulrot og blomkål. Det meste av frukta og grønsakene som blir produsert i Lærdal, vert distribuert vidare til BAMA før det kjem ut i butikkane. Grønsakene og potetene våre får du kjøpt i Norgesgruppen sine butikkar i Hordaland og Sogn og Fjordane, og Rema 1000 i Hordaland. Du får i tillegg kjøpt poteter og gulrøter i Coop Vest sine butikkar i Sogn og Fjordane. Ferske moreller og bær er til sals over heile landet i sesongen. Me leverer i tillegg jordbær og bringebær til Lerum.
Produkta frå Lærdal skal ha gjennomgåande god kvalitet, då lite nedbør, tidleg vår og godt jordsmonn gjer dalbotnen i Lærdal svært godt eigna til dyrking av frukt, bær, poteter og grønsaker. Me er heile tida opptekne av å utvikle produkta og produksjonsmetodane våre, og tek veldig gjerne mot tilbakemeldingar frå deg som kunde.