Høyanger Næringsutvikling Hovedbilde
Høyanger Næringsutvikling

Høyanger Næringsutvikling

Postboks 163
6993 Høyanger

http://www.hnu.no

post@hnu.no

Kontakt

577 15 270

Om oss

Høyanger Næringsselskap AS (HNU) er eit kompetanseselskap i tiltaksarbeid og næringsutvikling i Høyanger kommune. Næringsselskapet er organisert som eit aksjeselskap med Høyanger kommune (97%), Fokus Bank og Høyanger Næringssamskipnad som aksjeeigarar. Sørsida Idebank inngår som ein del av næringsselskapet.

HNU har dei siste åra vore svært sentralt for omstillingsarbeidet i Høyanger, i kjølvatnet av Hydro si utfasing av delar av aluminiumsproduksjonen i bygda.

I samband med dette har ein også fått betydelege midlar tilgjengeleg gjennom Høyanger-fondet. Dette har blitt brukt til næringsutvikling i stor skala og oppstart av fleire større og mindre bedrifter.