Helle  Hovedbilde
Helle

Helle

Holmedalsvegen 14

https://helle.com/

post@helle.no

Kontakt

Svein-Erik Helle

svein-erik.helle@helle.no

57733500

Om oss

Helle Fabrikker er ei familieeigd bedrift som vart grunnlagt i 1932, og har sidan då produsert sportskniv og bestikk i beste kvalitet på kaia i Holmedal og selt desse til alle kontinent. Helle knivfabrikk har dei siste åra gått gjennom eit generasjonsskifte, og er ei bedrift i vekst. Over 75% av omsetnaden går ut av landet, og Helle er per dags dato den fremste produsenten av kvalitetsknivar i naturlege materiale i Skandinavia.

Det beste med å jobbe med oss

Sjølv om Helle er snart 100 år gamalt, kan ikkje det same seiast om arbeidsmiljøet. Det siste 10-året har ein gått gjennom eit generasjonsskifte både i administrasjon og produksjon. Det arbeider i dag 27 personar i den gamle Fabrikkbygningen ved fjordkanten i Holmedal. 23 av desse jobbar med å produsere knivar og bestikk, medan 4 jobbar med sal, administrasjon, logistikk og innkjøp. Arbeidsmiljøet er prega av ei felles tru på at ein kan skape og produsere produkt i verdsklasse frå ei lita bygd på Vestlandet. Både i produksjon og administrativ vektlegg ein samarbeid og fleksibilitet - hjå Helle er alle ein viktig del av teamet, og alle ser klare effekter av den jobben ein gjer. Teamet som jobbar med sal, distribusjon og marknadsføring jobbar er lite og dynamisk, og jobbar tett opp mot internasjonale samarbeidspartnarar.

Ein arbeidsdag hjå Helle er difor litt som produkta våre - 100% unik. God kommunikasjon og samarbeid er difor essensielt, og arbeidsmiljøet er prega av dette.

Helle  Kulturbilde