Askvoll kommune Hovedbilde
Askvoll kommune

Askvoll kommune

Askvollvegen 426 A
6980 Askvoll

https://www.askvoll.kommune.no/

postmottak@askvoll.kommune.no

Kontakt

57 73 07 00

Om oss

Aktive Askvoll

Vi ønskjer at Askvoll skal vere ein stad der du kan oppleve dine personlege eventyr. Ein stad der dine villaste draumar kan realiserast, men også ein stad der dei små kvardagseventyra kan få lov til leve. Kanskje kan dine draumar verte vår framtid?

Vi har levande bygder med engasjerte menneske som vil det beste for heimstaden sin. Dei bidreg til det gode liv med ei dugnadsånd utan sidestykke gjennom eit mangfald av frivillige lag og organisasjonar.

Askvoll ligg sentralt plassert på kysten av Vestland og er eit knutepunkt mellom land og sjø. Kommunen strekkjer seg frå bygdene på sørsida av Førdefjorden i aust og til Bulandet i vest, med Dalsfjorden i sør og Førdefjorden i nord.

Det beste med å jobbe med oss

Vi ønskjer å vere ein attraktiv, inkluderande og god arbeidsplass. Askvoll kommune har høg kompetanse blant våre tilsette, godt arbeidsmiljø og leverer gode tenester til innbyggarane.

For å levere tenester av høg kvalitet treng vi både gode leiarar og motiverte medarbeidarar. Vil du vere med å bidra til at Askvoll er ein god stad å leve, bu og arbeide?

Stongfjorden var ein av dei første industristadane i fylket, med blant anna gruvedrift og Skandinavias første aliminiumsfabrikk. I dag er bygda kjent for eit sterkt geologimiljø, og bedriftene Norsk Bergsikring og Sunnfjord Geo Center held til her.

Kommunesenteret Askvoll er ei kystperle ved utgangen av Dalsfjorden. Her er kommuneadministrasjonen og mange av dei kommunale tenestene lokalisert. I sentrum finn du blant anna bedriftene Askvoll Sjømat & Delikatesser og Sub Aqua Tech.

Ein times ferjetur frå Askvoll finn du øysamfunna Bulandet og Værlandet. Viktige næringsvegar er fiskeri og turisme, og tang og tareprodusenten Seaweed from Norway held til her. I framtida planlegg Bulandet Miljøfisk å etablere eit landbasert oppdrettsanlegg på Bulandet.

Eit vaksande næringsliv kombinert med engasjerte bygder og gode skular og barnehagar i nærmiljøet, gjer Askvoll til ein god og trygg stad å vekse opp og bu i.

Velkommen til Askvoll!
Askvoll kommune er ein del av merkevara Visit FjordKysten. Følg lenka for å sjå meir om aktivitetar, naturen og attraksjonane på kysten av Sogn og Fjordane.


Ledige stillingar

Type Stilling Stad Tilsettingsform Publiseringsdato
Søkje jobb i Askvoll kommune Fulltid 12-02-2024