Veidekke Bygg Hovedbilde
Veidekke Bygg

Veidekke Bygg

Vangestadvegen 6, Kaupanger Industriområde

http://www.veidekke.no

sandane@veidekke.no

Kontakt

Christine Aagård Midthjell

sandane@veidekke.no

91612897

Om oss

Veidekke er ein av Skandinavia sine største entreprenørar og eigedomsutviklarar. Selskapet utfører alle typar bygg- og anleggsoppdrag, utviklar bustadprosjekt, vedlikeheld vegar og produserer asfalt, pukk og grus. Involvering og lokalkunnskap kjenneteikner verksemda. Omsetninga er om lag 38 milliardar kroner, og halvparten av dei 8 000 medarbeidarane eig aksjar i selskapet. Veidekke er notert på Oslo Børs, og har sidan starten i 1936 alltid gått med overskot.

«Veidekke – lokalt nærvær, skandinavisk styrke».

Veidekke Bygg driv landsdekkande byggeverksemd for private og offentlege kunder. Verksemda byggjer bustader, yrkesbygg, skular og andre offentlege bygg. Årleg omsetning er NOK 13,5 milliarder (2021) og verksemda har kring 2 800 tilsette, der 1 600 er fagarbeidarar og 1 200 funksjonærar.

Veidekke Bygg Sogn og Fjordane utfører bygg- og anleggsoppdrag innan alle kontraktsformer, med vekt på total-, hovud- og samspelsentrepriser. Våre referanseprosjekt famner om både kjøpesenter, bustad- og næringsbygg, offentlege bygg, signalbygg, kraftverk og dammer. Vi har avdelingskontor i Sogndal, Førde, på Sandane og i Volda. Veidekke Bygg har 75 tilsette i Sogn og Fjordane, og ein omsetning på kring 400 millioner kroner. Distriktsleiar er Ole Petter Henden.

Ledige stillingar:

Ledige stillinger | Veidekke



Det beste med å jobbe med oss

I Veidekke ynskjer vi oss menneske som gjer kvarandre gode. Vi legg stor vekt på samspel mellom dei tilsette og ser at nøkkelen til å lukkast er den same uansett kvar vi er og kva vi gjer. Vi skal skape eit arbeidsmiljø der det er naturleg å gjere sitt beste.

Veidekke Bygg Kulturbilde

Ledige stillingar

Type Stilling Stad Tilsettingsform Publiseringsdato
Åpen søknad Sogn og Fjordane Sunnfjord Fulltid 18-01-2022