The Norwegian Ship Design Company  Hovedbilde
The Norwegian Ship Design Company

The Norwegian Ship Design Company

Hafstadvegen 21, 6800 Førde, Norge

http://norwegianshipdesign.no

post@tnsdc.no

Kontakt

Gjermund Johannessen

gj@tnsdc.no

986 22 383

Om oss

Vi i Norwegian Ship Design leverer nyskapande og framtidsretta skipsdesign til kundar både i Noreg og på verdsbasis.

Vi arbeider spesielt med framtidsretta skipsdesign med energieffektive lav- eller null-utsleppsfartøy, og vi har dei siste åra festa vår posisjon innan satsing på hydrogen som framdrift på lasteskip, passasjerferjer og ei rekke ulike skipstypar. I tillegg jobbar vi mykje med konsulent og rådgjevingstenester, samt at vi utfører engineeringsarbeid for å gjere eksisterande skip meir energieffektive, som vi kallar «next generation upgrades».

Vi er stolte over at våre design det siste året har vunne internasjonale prisar for innovativ satsing på ny teknologi som hydrogen i kombinasjon med vindkraft.

Satsinga vår på ny teknologi og grøn skipsfart gjev oss verkeleg «vind i segla», og vi opplever kraftig auke i etterspurnaden frå eksisterande og nye oppdragsgjevarar og kundar som ynskjer å nytte tenestene våre for å halde seg inne i det grøne skiftet.

Vårt motto speglar innsatsen og resultatet vårt i praksis:

«Vår beste referanse er nøgde og tilbakevendande kundar».

Det beste med å jobbe med oss

Det å saman skape noko som vert lagt merke til er ein stor motivasjon i seg sjølv.

Tenk å vere med å skape framtidas skip! Det er akkurat det vi driv med i Norwegian Ship Design. Saman jobbar teamet vårt med å skape nye design og ny teknologi som set standarden for framtidas skip, og som i grøn skipsfart vil sette spor i lang tid framover.

Våre tilsette strekkjer seg over heile den demografiske fjøla, vi har heilt nyutdanna og svoltne tilsette, samt godt erfarne medarbeidarar som er proppfulle av kunnskap og iver etter å lære i frå seg. Vi har norske og internasjonale medarbeidarar, og vi har damer og menn i alle høgder og fasongar 😊

Felles for oss alle er at vi er sterkt dedikerte og engasjerte i den viktige jobben vi gjer, både kvar for oss og saman som team. Vi spelar kvarandre gode kvar dag, og vi får lønn for strevet. Lønn både gjennom god stemning, motivasjonspremie når det går bra, og ikkje minst gleden av å oppnå måla vi set oss.

Nemnde vi at vi held til midt i Førde sentrum? Her har vi tilgang til alt den flotte Vestlandsnaturen byr på, samt restaurantar, uteliv og ei rekke ulike kultur- og idrettsaktivitetar for både unge og vaksne. Heilt perfekt med andre ord!

The Norwegian Ship Design Company  Kulturbilde

Ledige stillingar