Sogn og Fjordane Røde Kors Hovedbilde
Sogn og Fjordane Røde Kors

Sogn og Fjordane Røde Kors

Langebruvegen 28

https://www.rodekors.no/sfj

lene.soroy.neverdal@redcross.no

Kontakt

Lene Sørøy Neverdal

lene.soroy.neverdal@redcross.no

95813738

Om oss

Sogn og Fjordane Røde Kors støttar 26 lokalforeiningar og over 2000 frivillige i deira humanitære aktivitet innan søk og redning, oppvekst, migrasjon, sosial inkludering og beredskap.

Sogn og Fjordane Røde Kors sitt distriktskontor har som hovudoppgåve å legge til rette for lokal, frivillig, humanitær aktivitet, men driv også humanitære fellesaktivitetar og har ansvar for ein del fellesarrangement.

Det beste med å jobbe med oss

Ein dag på kontoret og den neste med kamera rundt halsen i vakre omgjevnadar ein stad i Sogn og Fjordane. Ingen dagar er like, og du vil i stor grad få høve til å påverke korleis dagane dine vert. Bilete over syner noko av det du kan forvente.

Dagane på kontoret nyttast i nyoppussa lokaler i Røde Kors-bygget sentralt i Førde, saman med kjekke kollegaer. Her er det lagt til rette for at ein kan jobbe sjølvstendig og konsentrert i "celle-kontor" eller ha fruktbare møter og arbeidsøkter i fellesareal og møterom. Vi har felles kontormøte ein gang i veka og felles personalsamling ein gang i månaden.

Kollegiet har fleire sosiale samankomstar gjennom året, og felles onsdagslunsj med noko ekstra kvar veke. Latteren sit laust i kollegiet og det er ikkje reint sjeldan det er kake på bordet. Heldigvis har du også høve til å trene ein time i veka, i arbeidstida.

I tillegg til å ha 11 kollegaer i og rundt Førde vil du ha over 2000 kollegaer i heile fylket i form av engasjerte frivillige rødekorsarar.

Det er eit nettverk av kommunikasjonsrådgjevarar i distriktforeiningar i heile landet som møtast månadleg på Teams og ved nokre høve på Nasjonalkontoret i Oslo. Ein jobbar tett med kommunikasjonsavdelinga og pressevakta på nasjonalkontoret til Noregs Røde Kors.

Ledige stillingar