Paneda DAB

Paneda DAB

Fv632 1, 6740 Selje, Norge
6740 Selje

http://www.paneda.no

geir@paneda.no

Kontakt

452 56 990

Om oss

Når katastrofer rammar gjeld det å få varsla folk så raskt som mogleg. Her kjem Paneda DAB inn.

Paneda har utvikla eit system for befolkingsvarsling via DAB-nettet, som gjer det mogleg å sende nødmeldingar for å varsle og evakuere folk over heile landet ved kritiske hendingar. Løysingane deira blir nytta mellom anna i vegtunnelar, kommuner, industribedrifter og i offentlege rom.

Bedrifta starta heilt tilbake i 2001 som ein gründeridé, og har no vokse seg til å bli verdsleiande innan sitt fagfelt.

Selje – ein stad i Stad

Nesten ytterst i havgapet, men likevel godt skjerma av øya Selja, ligg den flotte bygda Selje i Stad kommune. I sentrum av Selje finn du butikkar, kafé, pub, båthamn, park, fotballbane og kanskje ei av dei flottaste sandstrendene i distriktet.

Her finn du også både nye og tradisjonsrike arbeidsgivarar, slik som Paneda, Blåmyra, Saga Boats og Pelagia.

Området er flott for kajakkpadling, og å gå på fjelltur er eit "must". Omtrent uansett kvar du går er du garantert fantastisk utsikt utover havet og fjella rundt.

Les meir om å bu og leve i Selje her.

Paneda DAB  Kulturbilde

Ledige stillingar