Bano

Foto: Bano-gruppen / Photoevent

Nyheiter

Kurs i rekrutteringsstrategi: Bli attraktiv på jobbmarknaden

Vi gir deg verktøya du treng for å jobbe målretta med rekruttering og kommunikasjon.

Framtidsfylket inviterer til firetimarskurs i rekrutteringsstrategi i samarbeid med PwC og lokale næringsselskap. På kurset vil du få konkrete råd og tips om korleis bedrifta di kan gjere seg så attraktiv som mogleg på jobbmarknaden. Målet er at kandidatane skal stå i kø for å jobbe hos akkurat deg.

Gå rett til påmelding

Tid og stad

Leirvik i Sogn: 15. september i samarbeid med Akvahub.
Påmeldingsfrist 10. sept

Sogndal: 20. september i samarbeid med Sogn Næring.
Påmeldingsfrist 15.sept.

Førde: 21. september i samarbeid med Sunnfjord Utvikling.
Påmeldingsfrist 16.sept.

Nordfjord: 28. september i samarbeid med Nordfjordakademiet.
Påmeldingsfrist 23.sept.

Klokkeslett: 10:00 - 14:00. Felles for alle kursa

Pris: 1700,- per deltakar. Enkel lunsj inkludert.

Tema

I løpet av kurset skal vi sjå på bedriftene sin eigen rekrutteringsstrategi og finne svar på:

  • Kva kompetanse er det behov for?
  • Har vi fokus på kort eller langsiktig rekruttering?
  • Kor tid og korleis skal ein annonsere?
  • Korleis tek vi i mot, tek vare på og takkar av dei tilsette?
  • Kva har rekrutteringsstrategien å seie for bedrifta sitt omdømme på arbeidsmarknaden?

Rekrutteringskommunikasjon

Kurset vil også gi deg svar på kvifor målretta kommunikasjon mot jobbkandidatar er like viktig som kommunikasjon mot kundane:

  • Kva er rekrutteringskommunikasjon og kvifor er det så viktig?
  • Kva mål har vi med ulike kommunikasjonstiltak?
  • Kva tiltak har bedrifta i dag?
  • Kva målgrupper rettar vi oss mot?
  • I kva kanalar bør vi vere for å nå dei rette jobbkandidatane?

Desse har vi med oss

Gunn Merete Paulsen og Silje Guddal frå PwC leiar kursa. I kombinasjon med innspel og erfaring frå deltakarar, næringsliv og Framtidsfylket, vil vi styrke kompetansen din på rekruttering.

Om PWC


PwC er ein av Norges mest attraktive arbeidsgjevarar. Selskapet leverer tenester innan eit breitt spekter, og rekrutterer årleg mange nye medarbeidarar innan fagområde som jus, rekneskap, revisjon og rådgjeving. I Sogn og Fjordane er PwC lokalt forankra i heile fylket med sju ulike kontor.

Gunn Merete er advokat og partnar i PwC. Ho har mange års erfaring frå rekruttering gjennom ulike leiarroller, og har eit stort engasjement for samanhengen mellom omdømme og rekruttering.

Silje Guddal er rådgjevar i PwC og jobbar strategi og utvikling av små og mellomstore bedrifter, samt offentleg sektor. Silje har ansvar for marknadskommunikasjonen til PwC i Nordvest. Ho har bakgrunn som reporter og programleiar i NRK.

Spørsmål? Ikkje nøl med å ta kontakt med Linda Hovland i Framtidsfylket:

99 01 78 52 / linda@framtidsfylket.no

PÅMELDING

Highsoft

Å syne fram eit godt arbeidsmiljø kan vere del av din rekrutteringskommunikasjon. Highsoft i Vik tek aktivitetspausar for å skape trivsel blant dei tilsette. Foto: Photoevent.