Trainee i Gravdal Bygg

Karriereprat

Eg blir i byggebransjen!

Tekst: Privat

Foto: Privat

Marta Hugøy Sandnes (27) prøvde seg for første gong i byggebransjen som sommarvikar i Gravdal Bygg i 2018, så gjekk det slag i slag: Ferdig utdanna byggingeniør gjekk ho inn i ei traineestilling sommaren 2019, og frå 1. mars 2020 vart ho fast tilsett som prosjektleiar.

Eg bestemte meg tidleg for å bli byggingeniør, eg veit ikkje heilt kvifor. Eg likar å ha ei praktisk tilnærming på arbeidet og synest det er spennande med byggeprosjekt. Det er i byggebransjen eg vil vere, det har aldri vore noko alternativ.

Første trainee

Eg var den første traineen i Gravdal Bygg og håpar det blir fleire! Vi treng fleire ingeniørar, jenter og kollegaer på min alder – men eg trivst veldig godt altså, det er mange kjekke karar eg jobbar med.

Å starte som trainee er ein fin måte å komme inn i bransjen. Det blir ein litt mjukare start på arbeidslivet, men læringskurva har likevel vore bratt! No har eg vore trainee i eitt år og har fått fast stilling i Gravdal Bygg. Året som trainee har vore svært lærerikt, eg har fått prøve meg både på prosjektleiing og vore med å rekna på anbod på store prosjekt. No er eg prosjektleiar for tre hus i Gravdalsholten i Førde.

Trainee i Gravdal bygg
Marta Hugøy Sandnes er trainee i Gravdal Bygg

Sunnfjord er topp!

Marta er fødd og oppvaksen på Jølster og har aldri vore freista av å prøve storbylivet.

Eg trivst veldig godt i Førde og Sunnfjord. Eg gjekk både på vidaregåande og på høgskulen her. Det er lettare å gjere seg kjent på ein litt mindre plass, og det er her eg har vennar og familie. På fritida å er eg glad i å bruke naturen, vere på stranda eller gå i fjellet. Då får du det ikkje betre enn vi har det her i Sunnfjord!

Som trainee gjekk Marta rett inn som prosjektingeniør i Piletunet i Parken i Førde, der ho hadde oppsyn med bygginga av opp mot 40 leilegheiter. No er tunet ferdig utbygt og Marta enda opp med å kjøpe ei av leilegheitene. Der bur ho med sambuaren og sonen på ni år.

Kvardagen er travel og det var godt å få fast jobb! Vi har mange spennande prosjekt framover og eg har framleis mykje å lære, men etter kvart har eg lyst til å ta ein master.

Fjelltur i Sogn og Fjordane
Halbrendsnipa i Førde

Godt med jobbar

Marta ser lyst på jobb-framtida og meiner det er mange jobbmoglegheiter innan byggfag i Sunnfjord og Vestland. Entreprenørselskapa er heile tida på jakt etter gode folk.

Det blir satsa stort, særleg i Førde skal det skje mykje framover. Innan bygg er det fleire store offentlege prosjekt på gang, i tillegg til at det vert bygd mykje bustadar. Som ingeniør er det mange moglegheiter for jobb både i entreprenør- og konsulentselskap.