Intin smarthus

Trainee

Smart karriereval i smarte bedrifter

Tekst: Marie Tefre Birkeland

Foto: Marie Tefre Birkeland

Halvparten av fjorårets 34 traineestillingar var innan energi, prosess, it og tekniske fag. To av dei i smarthusbedrifta Intin.

– Det kulaste med å jobbe i Intin er at eg får vere med å utvikle eit produkt frå start til ferdig lansering. Eg får meine noko om kva retning det skal gå i, korleis ein skal marknadsføre det, og kven ein skal selge det til. Og ikkje minst får eg sjå korleis interessa og responsen for produktet er når det treff marknaden, seier Diana Ness.

Gull for karrierevegen

Intin starta opp i Førde i 2014. Hovudfokuset ligg på smarthusteknologi, men dei jobbar også fram andre spennande produkt for både privatpersonar og bedrifter. I 2020 har dei hatt heile to trainear hos seg.

– Å vere trainee er smart med tanke på karriereplanlegging. Ein får smake litt på arbeidslivet og blir kjent med eit miljø på ein litt anna måte, seier Hugo Mølmesdal, som er dagleg leiar i Intin.

Kinderegg av ei traineestilling

Spesielt stillinga som utviklar meiner han er ekstra spennande.

– Det som er spesielt i vår verden er at teknikaren får lov å jobbe med sensorteknologi og automasjon i tillegg til software. Ein ser med andre ord den fysiske effekten av det ein har laga.

På tide å endre holdning

Påstandar om at det ikkje finst spennande it-jobbar i distrikts-Norge meiner han er berre tull.

– Ein må slutte å tenke på det. Med kontorplass på Peak Sunnfjord blir ein del av eit miljø som er større enn berre bedrifta, så her skjer det mykje spennande. Med internett er det uansett ikkje så viktig kor ein har kontor lengre, seier han.

Fritt fram for utvikling

Ness seier seg einig i det. Ho flytta frå Oslo for å starte som prosjektleiar i Intin, og har ikkje angra eit sekund.

– Eg får utfordra meg på nye ting og nye felt heile tida, samtidig som eg får følge med på kva som skjer framover på teknologifronten. Alle her har tatt godt imot meg og er veldig hyggelege. Det er fritt fram til å stille spørsmål og ein blir fort ein del av gjengen. Så er det eit ekstra pluss at vi saman finner på sosiale ting både i og utan om arbeidstida, seier Ness.

Til saman søkte heile 15 bedrifter trainear innan tekniske fag i fjor. Nokre av dei har hatt trainear tidlegare, andre er med for første gong i programmet i år.