Reodorklubben Førde

Vestlandslivet

Teknospirene

Tekst: Kristine Folland

Foto: Kristine Folland

Kvar veke samlar 70-100 born seg på det gamle verftsområdet på Hellenes i Førde. Alle har eitt mål for auget – å leike med dei mest høgteknologiske verktøya på marknaden.

80 born har funne kvar sitt arbeidsbord. Konsentrasjonen ligg som eit mjukt teppe over rommet. Det blir skrudd, lodda, sveisa, smelta og spikka i kvar ein krok. Stillheit og skaparglede i perfekt synergi.

– Det er få som trur det, men ein kan nesten høyre ei knappenål falle på golvet her, seier Frode Steen, primus motor for Reodorklubben.

Ideen oppstod for tre år siden, då teknologimiljøet på Hellenes i Førde ønskte å få opp eit teknologimiljø for unge. I januar 2017 opna dørene i Reodorklubben. Håpet var å gje eit tilbod til 20-30 ungar. Første kvelden møtte 50 opp. Nesten eit år seinare har dei 570 brukarar.

– Vi har i snitt 70-100 born kvar klubbkveld, og vi veks kvar veke, seier Steen.

Målet med Reodorklubben er å gje borna eit innblikk i teknologien dei vil måtte handtere som vaksne.

– Ein må hugse på at størsteparten av jobbane desse borna skal ha, ikkje er skapt enno.

Reodorklubben Førde

Null sperrer

I verktøylaben er Kristian Svoen Aasen i gang med å skjære isopor med ei sjølvoppfunnen sag. Neste steg er å bygge eit lite smelteverk, lage prototypar i isopor, som så kan smeltast om til metallgjenstandar.

– Eg skal lage eit jetfly og ein pistol, fortel Kristian, medan den varme metallstrengen svingar seg gjennom isoporen. Inspirasjonen finn han på youtube. Fingrane til 15-åringen har tydelege spor av oppfinnarglød, prøving og feiling.

Ved sidan av står kompisen, Marius Stensaker Brandal, og skrur på ein gammal harddisk. Leitar etter delar som kanskje kan nyttast til noko anna.

– Ingen fangst. Godt vi har to stereoanlegg i bilen vi kan plukke frå kvarandre, smiler gutane, før dei målretta set kursen mot parkeringsplassen.

– Ungar har ikkje same kunnskapssperre som vi. Som vaksne blir vi ofte begrensa av kunnskapen vi har – vi trur at noko ikkje er muleg. Borna har ikkje den sperra. Dei får ein idé og prøver å finne ei løysing. Ofte er det fullstendig umuleg og urealiserbart, men ein gong i mellom kjem dei opp med noko unikt. Og det er fantastisk, seier Steen.

Koding på læreplanen

TV-studio, 3D-printarar, laserkuttarar, fjernstyrte droner og verktøy i lange baner. Kostbart, framtidsretta utstyr.

– Reodorklubben kunne aldri blitt realisert utan hjelp frå næringslivet. Det tok Agnar Hellenes 30 sekund å seie ja til at vi kunne vere her og få bruke utstyret. Og pengegåvene vi har fått dette året nærmar seg ein halv million kroner, fortel Steen.

Pengar som kjem godt med når nye planar skal realiserast. Neste år er planen å bygge opp ein tre- og metallverkstad til 1, 2 millionar. Men Steen meiner det er verdt kvar ei krone.

– Koding burde vere ein del av læreplanen frå første klasse. Dessverre er utstyret i skulen så utdatert at det er umuleg for ungane å lære det dei skal. Vi ønskjer å gje borna eit miljø dei kan utvikle seg i, seier Steen.

Resultatet er allereie synleg.

– Vi har 11- åringar som bygger fjernstyrte bilar frå botn, som kjem kvar klubbkveld med ein ny kreasjon. Ein av ungane har laga ein hooverbåt – altså eit hooverboard på vatn! Dei blir meir og meir avanserte, og dei sit på ein enorm kompetanse, fortel Steen.

Frode Steen Reodorklubben

Eleven blir læremeister

I løpet av året har dei mest ivrige borna gått frå å vere elevar til lærarar. Kunnskapsdeling og rausheit er opplagte nøkkelverdiar i klubben.

– Ungane har for lengst tatt over klubben. Dei er blitt tryggare på seg sjølve, deler kunnskapen sin og tek ansvar for dei som er yngre. At dei har fått eit eigarforhold til klubben er den viktigaste motoren til å utvikle den vidare, seier Steen.

I tillegg til klubbkveldar, vert det arrangert kurskveldar i alt frå koding, 3D-teikning, sveising, lodding og kokkelering.

– Vi set opp kurs i det ungane etterspør. Dersom nokon vil lære noko, skaffar vi lærarar. Effekten av kurskveldane er at vi gir borna kunnskapen og verktøya til å utvikle seg vidare. Det løftar dei mange hakk, og bidreg til at dei får enno meir nytte av klubbkveldane, seier Steen.