Rocketfarm AS

Arbeidsliv

Rakettgarden i Sogndal

Teknologibedrifta har flytta inn i nye, store lokaler, serverer popcorn til kaffien og ser på seg sjølv som ein liten familie.

Ein som jobbar i Rocketfarm er nysgjerrig, engasjert og dedikert, seier Heidi Stevning, som her HR-ansvarleg i selskapet.

At ho hamna i Rocketfarm var ganske så tilfeldig, men det er lite som tydar på at ho ikkje trivast med det.

– Vi er som ein liten familie her. Vi kan tulle mykje og praten går lett. Det er rett og slett morosamt å vere på jobb.

Egil Mundal er dagleg leiar i selskapet. Han er einig med Stevning i at arbeidsmijøet er godt.

– Det er lite prestisje internt og høg prestisje eksternt.

Jakta på det gode liv

Bedrifta er i vekst og har stadig behov for flinke folk. Mundal seier det er fleire kvalifikasjonar som dei er på jakt etter.
– Fagleg dedikasjon er ein forutsetnad. I tillegg ser vi etter folk som søkjer seg til Sogndal-livet utanom jobb. Her er det eit eldorado uansett som ein likar å gå på tur, jakt over eller under vatn, ski.. Ja, lista er lang. Det handlar om ideen om det gode liv. Ein interessant karriere, samtidig som ein har leikeplassen med naturopplevingar rett utanfor kontoret.

Programvare til robotarmar

Kort og enkelt fortalt lagar teknologibedrifta «program» til robotarmar. Desse kan stadig utviklast til å kunne drive forskjellig arbeid, løfte tyngre og rett og slett bli betre. Ein kan samanlikne det med å lage ein app til Iphone. Dei kan heile tida utviklast til å løyse nye ting. Robotarmen kan samanliknast med ein Iphone. Den kan bli smartare og smartare, men utsjånaden er relativt likt.

Robotane Rocketfarm jobbar med driv hovudsakleg med palletering. Det vil seie at dei stablar gjenstandar på pallar.

Robotarmer

Frå Fosshaugane Campus til Rockethouse

Eit gammalt bygg sto ledig, og selskapet slo til. Berre nokre månadar etter overtakelsen kunne dei flytte inn i opne, flotte kontorlandskap med store vinduer som viser noko av det vakraste Sogndal har å by på.
– Eg hadde ikkje drøymd om at det skulle bli så bra, seier Mundal. Etter vi flytta inn har det blitt hakket kjekkare å gå på jobb. Vi trivast her og angrar ikkje på at vi la litt ekstra i det når vi først var i gong.

Popcorn til kaffien

Kjøkkenet har blitt ein møteplass for kollegaene. Der kan dei samlast med kaffimaskina eller rundt det lange møtebordet der ein kan sette seg ned og ta inn over seg den fine utsikta mot fjell og fjord.
– Det er utruleg koseleg å ete popcorn og drikke kaffi med gode kollegaer klokka 8 om morgonen. Det er ein fin start på dagen.

At alle samlast rundt bordet til felles lunsj er ingen tilfeldigheit.

– Det har ein verdi. Her kan ein snakke om laust og fast for å sikre eit godt arbeidsmiljø.

Popcorn til kaffen

Lunsj med løysing

Dersom ein har ein ide eller problemstilling kan ein kalle inn til ein såkalla «problemlunsj». Altså at ein tek opp ein ide eller problemstilling innan automatisering eller robotikk, og diskutere det over lunsjen.

For Rocketfarm er også det nye bygget ein bevisst rekrutteringsstrategi.

– Vi er opptatt av å få folk hit, og Rockethouse kan vere ein avgjerande faktor for at folk takkar ja til jobben.