Pål Anders Kårstad

Vestlandslivet

Prosjektleitaren

Tekst: Kristine Slettehaug

Foto: Kristine Slettehaug

Pål Anders Kårstad klarte ikkje å vere passiv tilskodar til ein bransje som er klar for modning. I dag skapar han framtidas eigedomsmekling frå Bygstad og New York.

I lokala til Webmegling heng det to klokker. Ei som viser tida i Bygstad og ei som viser tida i New York. Det er framleis natt i verdsmetropolen, men inst i ein fjordarm på Vestlandet er dei godt i gang med arbeidsdagen. Tre av fire kontorpultar er fylt i det vesle kontorfellesskapet, og toppturskia lent inntil ein vegg vitnar om at her er det kort veg frå jobb til fritid.

– Kva er det vi ikkje kan få til her, som dei får til i store byar? Ingenting. Vi har tilgang på same teknologien, same kunnskapen. Alt vi treng er internett og engasjerte medarbeidarar.

Det er knapt eit år sidan han bestemte seg for å revolusjonere eigedomsmekling. Etter tretten år i bransjen, seks av dei som dagleg leiar i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane, begynte han å stille spørsmål. Var det ikkje på tide å effektivisere prosessane? Digitalisere det som kunne digitaliserast? Alle andre bransjar gjorde det, kvifor ikkje eigedomsmekling?

Utfordra konservativ bransje

– Eg klarte ikkje å sitte på det kontoret, i eit etablert system, og kvar dag stille meg spørsmålet: kvifor gjer vi det så tungvint? Systemet som bransjen er bygd på vart etablert for mange år sidan, før smarttelefon og nettbrett vart allemannseige. Det seier seg sjølv at det er klart for modning.

Han såg fleire oppgåver som kunne bli digitalisert og automatisert. Innhenting av opplysingar, kommunikasjon med kunden, koordinering av alt frå takst til foto, færre fysiske møter.

– Kunden har dårleg tid og kunden ønsker valfridom. Eg bestemte meg for å tore å utfordre ein til dels konservativ bransje, med mål om å gjere prosessane enklare og billegare.

Kvifor ikkje Bygstad

For å utvikle nye system, måtte han ha med seg fleire på laget. Tidlegare hadde han vore i kontakt med New York-busette Odd Einar Kaase, som driv marknadsføringsbyrå for bustadprosjekt i verdsmetropolen. Pål Anders visste at dei hadde lik tankegang.

– Vi var begge gira på endring, og hadde lenge sett at det måtte komme ei løysing for å selje bustad på nett. Vi greip ein sjanse som låg rett framfor oss, og saman skapar vi ei digital plattform for sal av bustad.

Dei fekk også med seg juristen Olav Nordli, som til dagleg jobbar i Paris. Men hovudkontoret ligg altså i Bygstad.

– Ja, kvifor ikkje? Kompetansen er like høg her som andre stadar. Eg har jobba rundt i Norge, og det er ikkje slik at berre fordi du jobbar i ein by kan du meir enn andre. Her er det stabil arbeidskraft, billege kontorlokale, billeg å bu og lett å kombinerer jobb og fritid. Stisykling til dømes. Finst det noko betre, etter ein lang dag framfor ein skjerm, enn å komme seg ut i naturen? Fleire og fleire har fått auga opp for arbeids- og fritidsmoglegheitene i Sogn og Fjordane. Eg kan ikkje tenke meg eit betre liv for meg sjølv og familien.

Topptur i Bygstad
Stisykling i Bygstad

Flyr inn møtegjestane

Plasseringa til kontoret er ideell for møter. Flyplassen på Bringeland er berre ti minutt unna, og kundar og samarbeidspartar kjem med niflyet frå Oslo og rekk akkurat heim igjen til middag med toflyet.

– Dei skryt av innflyginga og tykkjer det er ei oppleving å kome til Bygstad. Det blir eit vanleg forretningsmøte, men med fjord og fjell med på kjøpet. Og ferske bollar på bordet, ler han.

– Det er viktig å by på litt når dei først har kome så langt.

Full valfridom til kunden

Hard jobbing, eit solid nettverk frå tida som eigedomsmeklar, investorar og jamn rekruttering av arbeidskraft har resultert i at produktet allereie er oppe og går. Webmegling har snart tolv tilsette i Norge og rundt i verda. Dei består av programutviklarar, forretningsutviklarar, eigedomsmeklarar og marknadsførarar.

– Den som sel bustad, skal ha full valfridom. Det er tanken. Webmegling gir deg tre val: Selje sjølv, bruke ein meklar på nett eller bruke ein lokal eigedomsmeklar som gjer alt for deg. Nokon ønsker å ta heile prosessen sjølv, medan andre føler seg tryggare med ein meklar med på laget. Då kombinerer vi ny teknologi med personleg oppfølging.

Enkelte vil ha det til at han tek jobben frå den tradisjonelle eigedomsmeklaren.

– Ja, du mistar kanskje jobben slik du kjenner den i dag. Men mest truleg vil det dukke opp nye behov, og du kan fortsette i bransjen i ei anna rolle. Dei mjuke verdiane og behovet for ein rådgjevar i bustadsal vil alltid vere der.

Eiendomsmegler i Sogn og Fjordane

Beskjed til det etablerte næringslivet

Det er éin ting han ønsker å understreke, og det er kor avhengige grunderar og nyoppstarta bedrifter er av det etablerte næringslivet.

– Vi kan snakke mykje om teknologi og næringsutvikling i Sogn og Fjordane, men for at det skal skje, må vi skaffe pengar til grunderar og selskap som skal levere det. Dei store, etablerte føretaka, bygd opp over generasjonar og med tilgang på kapital og ressursar, det er dei som skal investere i bedrifter som utviklar morgondagens løysingar. Investorar som er villige til å gå inn tidleg, før det har blitt ein suksess, det er dei vi er avhengige av for å få fram ny næring. Eg kallar det ei slags overføring.

Og han meiner det hastar.

– Skal vi vere del av framtidas næringsliv, må vi også levere på teknologiutvikling. Primærnæringane og industrien blir modernisert og treng færre hender, og då er det viktig å skape nye arbeidsplassar. Om ikkje risikerer vi å sakke akterut. Eg er evig takknemleg for aktørar som Innovasjon Norge og Sunnfjord utvikling. Dei gjer ein fantastisk jobb for å hjelpe fram nye næringar.

Kjem alltid til å leite

Har han nokon tankar om kvifor det var akkurat han som skulle ta dette initiativet? Til å revolusjonere bransjen, sette seg inn i tung teknologi, jobbe døgnet rundt og skape framtidas eigedomsmekling?

– He-he. Eg har alltid vore nysgjerrig på nye ting. Alltid leita etter nye prosjekt. Heilt frå eg var liten gut og bygde Lego, har eg likt å planlegge, bygge og sjå resultat av det eg gjer. Framgang og utvikling er utruleg tilfredstillande.

Kjem han nokon gong til å lene seg tilbake og tenke at no, no er vi der vi skal vere?

– Eg…

For første gang under intervjuet er Pål Anders stille nokre sekund. Han ser utover fjorden, vrir litt på seg i sofaen.

– Nei. Nei, det kjem ikkje til å skje. Eg kan tillate det ein kort periode, men berre for å ta ein pust i bakken. Utvikling er det som driv meg – på godt og vondt. Det er krevjande, men eg kjem alltid til å vere han som leitar etter korleis vi kan gjere ting betre. Alle kan ikkje vere sånn. Og det er veldig bra, for då hadde vi ikkje fått produsert noko som helst, humrar grunderen.