Odda Mekaniske Verksted

Arbeidsliv

– Eg har aldri blitt tatt imot så godt før

Tekst: Arne Inge Solgard

Foto: Privat

Gro Elin Rud begynte på Odda Mekaniske Verksted på hausten i fjor. Industrimekanikaren er overvelda av mottakinga ho har fått av arbeidsplassen dei første månadane.

Då haugesundaren flytta til Odda, hadde ho allereie et positivt inntrykk av staden.

– Eg budde her utan å kjenne ein einaste person. Likevel var folk utruleg venlege med meg då eg kom. Det er nok ganske typisk for bebuarane her. Dei er glad i nye tilflyttarar her, seier Gro Elin.

Kronglete veg til draumejobben

Då ho tok sitt første fagbrev som prosessoperatør, vart bedrifta ho jobba i sterkt prega av nedbemanning. Dette gjorde at ho ville prøve seg som industrimontør, noko ho tenkte kunne bli spennande. Etter at ho hadde tatt fabrev i bedrifta ho jobba i, gjekk det berre to månader før bedrifta gjekk konkurs.

Etter å ha vore maks uheldig, tok Gro Elin med sine to fagbrev, jobb på ein bensinstasjon. I haust dukka det likevel opp ein spennande moglegheit, då Odda Mekaniske Verksted søkte etter industrimekanikarar.

“Kvifor ikkje?”

Gro Elin sendte inn ein søknad.

– Eg hadde veldig lyst å prøve lykka. Så eg stilte meg sjølv spørsmålet: “Kvifor ikkje?”. Ein industrimekanikar har fleire ulike oppgåver, og kan brukast kor som helst i industrien. Rogalendingen fekk jobben, og er no inne i sin tredje månad på arbeidsstaden i Odda.

– Dei ser kvarandre

Det er ikkje tilfeldig at ho trivst så godt, om ein skal tru hovudpersonen sjølv.

– Eg har aldri blitt tatt imot så godt som eg er blitt her i bedrifta. Alle helsar og er utruleg hjelpsame med kvarandre. Er det noko du lurer på, får du hjelp med det same, fortel industrimekanikaren frå Haugalandet.

– Dersom eg er litt stressa eller liknande, og ikkje tar meg tid til å seie “god morgon”, kjem kollegaene mine bort til meg å spør om det går fint med meg. Dei både ser og legg merke til kvarandre. Det er godt at kvar enkelt person blir lagt merke til.

Med fleire nasjonar, unge og gamle, kan Gro Elin fortelje om eit arbeidsmiljø med stor variasjon.

- Dette er verkeleg ein arbeidsplass for alle, avsluttar ho.