Line Dybedal

Vestlandslivet

Den rette stemninga

Tekst: Marit Bendz

Foto: Helle Frogner

Ein pubeigar sa ein gong til Line; Når artistar syng på norsk, lyttar publikum. Kjem det ein låt med engelsk tekst, plaprar dei i veg.

Låta “Stille” vart gjennombrotet for soloartisten Line Dybedal. Men det var først då ho omsette den frå engelsk til dialekt, på oppmoding frå Odd-Erik Lothe, at det tok laust.

– Engelsk følast litt tryggare. Ein kan synge kleine tekstar på engelsk utan at det vert kleint, liksom.

Line voks opp på Vederhus, berre nokre kilometer frå Berstad i Selje. Mannen Per Helgesen og ho gjekk saman på ungdomsskulen, utan at dei brydde seg særleg om kvarandre då. Han var ein klovn, som ikkje la merke til ho. Men begge fekk musikken inn med morsmjølka. Som sekstenåring vikarierte ho som organist i dei tre kyrkjene i Selje.

– Eg grein då eg møtte presten den første søndagen, for eg kunne ingen av salmane som var sett opp. Men så avtalte vi at eg skulle spele dei eg kunne, ler ho. Den allsidige musikaren har ein forkjærleik til tangentinstrument og orgel.

– Det er så mykje lyd i eit orgel, eg kjenner at eg har ei viss makt når eg spelar.

Tøff bransje

Line Dybedal fullførte berre to år på musikklina ved Firda vgs, takka vere bror til Per, Hans Helgesen. Han ville satse på bandet The Pink Robots, og det ville ho og.

– Ingen venta det av meg, ettersom eg hadde inntil då vore frøken snusfornuftig. Men mamma og pappa støtta meg. Året etter fekk vi platekontrakt, og i 2010 vann vi Urørt.

Bandet turnerte med Line som vokalist og pianist. Dei vart nominerte til AHA-stipendet, og vart slått på målstreken av Susanne Sundfør. Men bransjen er ikkje berre tøff, den kan rett og slett vere litt fæl.

– Vi fekk oss ein smell. Medlemmene hadde ulike ambisjonar for kva bandet skulle vere, og vi var eigentleg tre soloartistar som fronta våre eigne idear. Apropos AHA.

Då dei skulle spele inn det andre albumet sitt, krangla dei så strengane rauk. Det var vondt, men det var også det puffet ho trengte for å gå solo.

Men lenge før brotet, skjedde noko anna rart på øvingane. Bror til vokalisten, klovnen Per frå ungdomsskulen, stakk stadig oftare innom øvingane. Line begynte å spele mykje feil når han var der, påstår Per i dag.

Musikkfamilie

Etter 11 år i Bergen bestemte paret seg for å flytte frå Bergen til Selje til barndomsgarden til Per. Den nye heimen ved Moldefjorden har alltid vore fylt med musikk. Her trakka felespelaren og folketonesamlaren Paul Berstad sine barnesko, saman med fem sysken. Ei av dei var mormora til Per. Nordavinden bles framleis inn i stova, eine veggen er ikkje isolert enno. Det er godt å ha ein tømrar til mann.

– Det er litt lite, men om ein tenkjer kva ein får for same prisen i Bergen, er det reine luksusen.

Sjølv har Per sju søsken. Alle syng, alle er nesten irriterande musikalske, ifølgje Line, og kan synge trestemt heilt på sparket.

– Det er veldig kjekt å få leike med så musikalske folk.

Frå engelsk til dialekt

Line og Per restaurerte huset og flytta, ho turnerte, gav ut album saman med Lothe i januar 2016 og sitt eige soloalbum i februar, ei veke før sonen Reiel kom til verda. Per er utdanna tømrar, og er sauebonde i tillegg.

– Per har heile tida vore klar på at han ville flytte til Selje, så eg vart med. Eg treivst begge stader. Men eg saknar Bergen, eg har skrive ei låt om det.

I Bergen jobba ho som kantor, og omsette mange salmar frå bokmål til dialekt, noko ho fekk gode tilbakemeldingar på, folk opplevde songane som meir ekte. Aller mest saknar ho Barnas katedral i Bergen, der ho leia barnekor, babysong og trusopplæring. Ho saknar kyrkjerommet og dei fantastiske kollegaane, men treivst heldigvis godt i ny jobb i Selje som korpsdirigent, samstundes som ho driv som frilansmusikar, soloartist og bandmedlem i Lothe. I tillegg har ho nettopp fått seg jobb som organist i Vågsøy.

Ikkje morosam

Line er ikkje typen som slår vitsar og får publikum til å le mellom låtane.

– Eg skriv dei fleste låtane når eg kjenner på noko tungt, som då morfar døydde eller då The Pink Robots krangla. Og om saknet etter Bergen og jobben der. Eg må øve meg på å skrive låtar når eg er glad også. Eg vil jo ikkje bli heilt EMO, legg ho til.

Mange forventar at musikarar skal vere rølpete, men Line Dybedal er ingen rebell. I The Pink Robot-tida var ho veldig “flink pike”. Då ein kjent TV-profil ville ha ho til å vise fingeren til publikum, tenkte ho; nei, bestemor skal sjå dette.

– Eg har brukt både tid og krefter på å jobbe meg ut av den rolla. Eg er berre ei heilt vanleg jente som likar å synge og spele, og som har eit behov for å utrykke kjenslene mine igjennom musikken.