Linda Stuhaug

Vestlandslivet

Smakfull suksess

Tekst: Marie Tefre Birkeland

Foto: Linda Stuhaug

Linda Marie bygde opp eige sjølvbilde med betre kunnskap om sunn mat og kosthold. No lever ho av å dele matoppskrifter og treningsglede med andre.

– Oppskrifta på suksessen? Gje folk det dei vil ha! Ver tilgjengeleg og svar når folk spør. Eg trur balansen mellom å vere personleg, men ikkje for privat, er viktig å ta med seg. Folk vil bli litt kjend med personen bak bloggen, men samtidig bør ein ikkje dele for mykje, seier Linda Marie, som kjem frå Naustdal i Sogn og Fjordane.

Ho har i skrivande stund 10.000 – 12.000 faste lesarar dagleg på bloggen lindastuhaug.no der ho deler matglede og oppskrifter på sunn og god mat. I tillegg har ho bikka 95.000 følgjarar på Instagram og har solgt over 15.000 bøker. Ein kan med andre ord trygt seie at Linda Marie har nådd langt i ein alder av 24 år.

Linda Stuhaug Naustdal
Linda Stuhaug granola

Skulle bli verdsberømt kokk

Interessa for mat kom tidleg. Allereie i femårsalderen var Linda Marie fast bestemt på at ho skulle bli kokk.

– Eg er så glad i nye smakar, og det har eg vore så lenge eg kan hugse. Planen frå eg var liten var å gå kokkelinja på vidaregåande. Ambisjonane var skyhøge. Målet var å bli verdsberømt kokk, ler ho.

Og på kokkelinja begynte ho, men på slutten av andre året kjende ho at det var noko som ikkje heilt stemte. Vi hoppar nokre år tilbake.

Frå loff med nugatti til balansert kosthald

Lenge hadde Linda Marie levd eit usunt liv og vore ukomfortabel i eigen kropp. Siste året på ungdomsskulen tok ho eit avgjerande val. Ho skulle legge om livsstilen.

– Då gjekk eg frå å ete loff med nugatti til eit balansert og sunt kosthold. Sunn matlaging med gode råvarer var i fokus. Eg kutta ut tradisjonell gjærbakst og prøvde meg på sukkerfrie oppskrifter.

Vendepunktet

Etter kvart vart interessa for sunn mat altoppslukande og sjukleg, og Linda Marie enda opp fanatisk og undervektig. Det skulle ta fleire år før ho fekk tilbake ein god balanse i kosthaldet og ei normal kroppsvekt. Ikkje før andre året på vidaregåande. Då ville og trengte ho ei forandring, og valde å ikkje gå vidare med læretida etter grunnkurs.

– Det verka meir meiningsfullt for meg å hjelpe andre som var i same situasjon som meg sjølv. Eg hadde lært og erfart kor viktig det var med eit balansert og avslappa kosthold. Den nye planen var å studere ernæring i Oslo.

Ein blogg blir fødd

Linda Marie byrja på påbygg for å få generell studiekompetanse, og samtidig kom gleda av å lage mat tilbake. Mykje tid gjekk med til å eksperimentere på kjøkkenet heime, og venninnene vart invitert på kveldsmat.

Av det blei bloggen til. Ideen kom frå venninnene, for Linda Marie sjølv syntes det var litt kleint å starte blogg. Det er ikkje ein typisk ting folk frå vesle Naustdal gjer, ler ho. Likevel tente ho litt på ideen.

– Dei brukte eit halvt år på å overtale meg. Då sat dei seg ned med meg og argumenterte for at eg skulle starte blogg. Eg vil påstå det var frivillig tvang, seier ho lattermildt.

Raskt topp 100

Bloggen blei oppretta i mars 2013, og allereie etter nokre månadar med blogging var Linda Marie på topp 100-lista. Sidan då har ho ikkje sett seg tilbake.
– Målet var aldri å bli ein toppbloggar, eller nå ut til så mange som eg gjer. Det berre kom av seg sjølv. Eg konsentrerer meg om å lage og dele oppskrifter, og gje tips og råd som folk vil ha. Det meste er sesongbasert, så eg følger med på kva folk klikkar seg inn på. Og ikkje minst: ein må halde det gåande. Eg kan ikkje plutseleg slutte å poste innlegg når eg ikkje føler for det, eller slutte å svare i kommentarfeltet.

Sjeldan pause frå bloggen

Det vert ikkje mykje ferie på toppbloggaren, som bloggar, svarar på e-postar og intervju i snitt fem timar om dagen.
– Eg har èi ferieveke i året der eg er i fjellet. Då skriv eg på bloggen at eg blir utilgjengeleg heile veka. Det unnar dei fleste meg, heldigvis, ler ho.

Og så må eg sjølvsagt jobbe dobbelt så mykje veka etter for å ta igjen alt det tapte, skyt ho lattermildt inn. Ho legg vekt på at ho ikkje ville hatt det på nokon annan måte.

Linda Stuhaug smoothie
Linda Stuhaug søstpotet

Læringsrike år i hovudstaden

Etter eit år med påbygg i Førde, reiste Linda Marie til Florida saman med ei venninne. Der tok dei eit halvt år PT-utdanning, før ho reiste tilbake til Førde for å jobbe på Spenst. Så var tida inne for å flytte til Oslo for å studere samfunnsernæring, noko Linda Marie grua seg mykje til i forkant.

– Det satt så langt inne for min del. Eg er ei skikkeleg bygdejente, og eg hadde ekstremt lite lyst til å flytte til storbyen. Det å flytte frå venner, familie og kjæraste var vanskeleg. Det var faktisk ingen som trudde på meg då eg sa eg skulle flytte. Men eg hadde bestemt meg for at eg skulle ta den utdanninga, og då måtte eg berre ta steget.

Bakgrunnen for valet var at ho ville ha bacheloren i ryggen for å stå sterkare i det ho deler gjennom bloggen, og ikkje minst kunne hjelpe folk på andre måtar.

– Om eg ville, kunne eg gjort det enkelt og satsa fullt og heilt på bloggen, for ein kan leve av ein blogg, for å seie det sånn, påpeikar ho.

Tross sakn og mange pendleturar heim til Sunnfjord, angrar ikkje toppbloggaren på valet om å studere samfunnsernæring i Oslo.

– Det har tatt kunnskapen min til eit mykje høgare nivå. Eg trudde eg kunne mykje før, men det kunne eg ikkje. Alt eg har lært gjennom studiet viser igjen på bloggen, i framtidige jobbar og i boka mi som hadde offentleg lansering i januar 2018.

Blogg blei til bok

Boka «Opptur med sunn mat», med over 80 oppskrifter og personlege innlegg, blei raskt ein bestselgar i butikkane.

– Det var rimeleg intenst å skrive boka. Alle oppskriftene blei laga heime på kjøkkenet til ho mor. All mat skulle handlast, lagast og fotograferast i løpet av to veker. Den første veka var vi ferdige med heile 60 oppskrifter. Det var slitsamt, men herregud så kjekt.

24-åringen legg ikkje skjul på at det freistar å gje ut ei ny bok etter kvart.

– Eg ønskjer å bruke utdanninga mi til å motivere dei som treng hjelp og inspirasjon til eit balansert kosthold og ein sunn livsstil. Men det blir ikkje ny bok med det første, ler ho.

Linda Stuhaug ute
Søtpotet nachos

Meir sjølvsikker med alderen

Linda Marie har no selt leilegheita i Oslo og flytta tilbake til Sunnfjord saman med kjærasten sin. Framover skal ho fortsette å arbeide med bloggen og eigne prosjekt. I tillegg jobbar ho no under Helsehuset Førde der ho vil halde livsstilskurs og etter kvart begynne med ernæringskonsultasjon med oppfølging. Nokre dagar kan ein også møte på den blide dama i resepsjonen på Spenst Førde.

Den livsglade bloggaren gler seg over spennande oppgåver framover, og er klar for å gå i fjella og berre nyte det å vere tilbake i Sogn og Fjordane.

– Det har tatt mange år å komme dit eg er i dag. Som overvektig var eg veldig usikker, og torde ikkje å snakke i sosiale samanhengar. Då det gjekk andre vegen, blei det heller ingen endring på det sosiale. Sjølvtilliten har vokse av seg sjølv ettersom eg har blitt eldre.

Dei positive tilbakemeldingane ho får gjennom arbeidet sitt, gjer at ho torer å dele meir.

– Eg er utruleg glad for det eg har vore gjennom, for det har forma meg slik eg er i dag. Faktisk har det forma heile livet mitt. Bloggen og boka hadde ikkje eksistert om eg ikkje hadde hatt dei erfaringane, seier den blide 24-åringen.