Lefdal Mine datasenter

Vestlandslivet

Når grønt = billeg

Tekst: Kristine Folland

Foto: Lefdal Mine Datasenter

Lefdal Mine Datasenter har som mål å bli verdas største og grønaste datasenter. Korleis? Den grøne løysinga er også den billegaste.

10. mai 2017. Opning av Lefdal Mine Datasenter. Resultatet av fem års knallhardt arbeid skal visast fram. 120 spesielt inviterte gjestar frå 18 land er flydd inn med privatfly og helikopter. Investorar. Potensielle kundar. Teknologiekspertar som vil granske eitkvart element i storsatsinga. Tommel opp? Tommel ned?

– Vi hadde komt til målstreken. Gruva var klar, ramma for opninga var klar – no skulle Lefdal Mine Datacenter presenterast for verda, seier marknadssjef Mats Andersson,.

Det chartra flyet frå Gardermoen er forseinka. Så forseinka at dei ikkje vil rekkje opninga. Dei overtaler difor Widerøe til å ta ut eit rutefly og fly gjestene til Lefdal i staden. Når klokka slår 12.30, er alle 120 på plass inne i gruva i den vesle bygda i Nordfjord.

– Det kunne ikkje gått betre. Responsen var overveldande – både kundar og ekspertar fekk hakeslepp over kva vi kan levere, fortel Andersson.

Grøn straum

Lefdal Mine datasenter er som eit parkeringshus for dataservarar. I dag har alle eit behov for å lagre data i ”skya". Skya er i realiteten eit datasenter som Lefdal.

Den gamle olivingruva i Nordfjord er ein labyrint av gruvegonger opp til 150 meter under havoverflata og hundrevis av meter inn i fjellet. Gruva består av fem nivå, og per dags dato er det berre nivå 3 som er ferdig utbygd. Her er det sidegater i opp til 100 meters lengde, 16,5 meters høgde og 13 meters breidde. Dette nivået åleine er ti gonger større enn det største datasenteret i Norge i dag.

– Vi kan få plass til all datasenter kapasitet i Norge på denne eine delen her, fortel Andersson og peikar på ca halvparten av nivå 3.

Det som skil Lefdal frå andre datasenter, er plasseringa. Ikkje mange stader har ein ei ledig gruve, ein djup isfri fjord, omgitt av grøn kraftproduksjon.

– Vi har ein unik fordel, fordi vi kan nytte fjordvatn til kjøling. Eit datasenter brukar enormt mykje straum. I Europa brukar ein mykje grå, fossil straum, og ein brukar tilsvarande mengde til å drifte senteret som å kjøle det ned. Vi brukar grøn, lokal straum (vasskraft) til å drifte, men treng berre ein tiandedel av dette til å kjøle ned. Mindre straum betyr mindre kostnader og billegare for kunden. Vi kan difor alltid konkurrere på pris, fortel Andersson.

Førebels er det pris framfor miljø, men Andersson trur dette kan endre seg i framtida.

– No er det prisen som gjeld. Er det lik pris, er det fint at det er grønt. Heldigvis i vårt tilfelle er grønt billeg. Kundane får eit fantastisk produkt til ein deilig pris, som samtidig er veldig grøn. Dette kan fort endre seg, for plutseleg vert dei eit krav frå myndigheiter om å velge grøne løysingar. Og då står vi først i køa, seier Andersson.

Lefdal mine datasenter
Lefdal mine datasenter

Større enn Drammen

Det totale potensialet for datasenteret er 120 000 kvadratmeter og 200 megawatt. Til samanlikning brukar heile Drammen by 160 mw. Per i dag finst det ingen datasenter i verda over 100 megawatt.

Konkurrentane er mange. Sverige, Danmark, Tyskland, Nederland, Irland, England og USA er alle langt framme på datasenter. Men i kva grad dei ser Lefdal som ein konkurrent, er Andersson usikker på.

– Eg trur ikkje dei har forstått kva som faktisk har truffe dei. Nokre kundar ønskjer å ha datasenteret i nærleiken av verksemda si, og då ligg vi for avsides til. Men sanninga er at vi leverer det mest kostnadseffektive, sikraste og miljøvenlege datasenteret i verda, seier han.

Lefdal mine
Mats Andersson

Internasjonale gigantar

Same dag som opninga, lanserer dei sin nye kunde, Fortuitus AG, eit sveitsisk selskap som jobbar med finansieringa av teknisk infrastruktut. Selskapet vil ta opp 4 megawatt – den største enkeltståande konkrakta nokonsinne.

– Det er ikkje eit enormt behov i Norge, det store volumet ligg internasjonalt – Tyskland, England, USA. Det er her vi må legge inn mest krefter. Det er fleire store internasjonale partnarar og kundar på veg inn, som i løpet av hausten vil bli lansert og flytta inn i gruva.

For frå å vere ei start-up-bedrift, er Lefdal no på veg inn i neste fase. Og dei må allereie no tenkje på neste byggetrinn – å bygge ut neste nivå.

– Vil de fylle heile gruva?

– Ja, det trur eg vi vil gjere, med mindre det kjem ei disruptiv endring. Datasenter kan i teorien forsvinne over natta, dersom en finn ein betre måte å lagre data på. Men slik det er i dag, trur eg vi fyller opp Lefdal. Når det blir, vil framtida vise.