Marthe Holien Bø Kyss hverdagen

Vestlandslivet

No kyssar ho kvardagen

Tekst: Kristine Slettehaug

Foto: Marthe Holien Bø

Marthe Holien Bø heldt mannen hardt i handa då dei reiste med flyttelasset over Strynefjellet. På andre sida av fjellet fann austlendingen livsstilen som inspirerte til boka «Kyss hverdagen».

– Eg skal aldri flytte til Stryn!

Marthe er trøytt og lei. I fem veker har ho, mannen og dottera budd tett på svigers på familiegarden hans i Stryn. Ein liten unge krev sitt, og fjella er så høge og fjordane så tronge. No vil ho vekk herifrå. Ho saknar vennane på Austlandet. Bytilboda i Oslo. Familien på Toten og det opne landskapet der. Det får halde med ferieturane, tenker ho, i bilen på veg heim til Oslo. Stryning blir ho aldri.

Ikkje utan Marthe

Kjærasten, Rasmus Bø, er odelsgut og glad i heimbygda si. Om rette jobben dukkar opp, kan han godt sjå for seg ei framtid i Stryn. Men aldri utan Marthe. Sjølvsagt ikkje utan Marthe. Ho skal ikkje bli med på flyttelasset mot sin vilje. Ho skal ha lyst før det blir aktuelt. Akkurat no er det visst heilt uaktuelt.

Evig runddans

Den vesle familien bur i ei lita leilegheit sentralt i Oslo. Utan heis, men med mange trapper. Rett utanfor har dei alt dei treng. Alt som Marthe elskar; koselege kafear, inspirerande butikkar, yrande folkeliv. Ja, utanom barnehagen då. Dei brukar omlag tre timar på å levere, komme seg til jobb, frå jobb, hente i barnehagen. Evig runddans, lite tid til overs. I tillegg har Marthe ei utfordring når det kjem til trapper. I løpet av året har tre blitt til fire, og bekkenet kranglar etter graviditetar. Nokre gongar må mannen bære ho opp til leilegheita. Barnevogna også. Òg ungane.

Det huset i det tunet

– Dei trappene her, altså. Dei tek livet av meg snart, tenker ho ein dag. Og så tenker ho at dei snart må tenke nytt. At leilegheita er for lita for ein familie på fire, og at dette ikkje går lenger. Men ikkje Stryn. Ho veit korleis det fungerer. Om mannen seier ja til det huset i det tunet, så blir dei. Det ligg nokre forventningar der. Ho har budd i fleire byar og trivst best med open returbillett. Likar å flytte på seg for å få ny inspirasjon, likar å treffe nye menneske.

Hus i Stryn
Sommar i Stryn

Lista

Dei sit på kafé og lagar lister. Pluss og minus, for og i mot. Det er på tide å etablere seg ein stad. Sånn på ordentleg. Det har låge i lufta lenge. Ho ser at Stryn får mange pluss. Veldig mange. Minussida er kortare, men avstanden til venner og familie på Austlandet står med stor font. Likevel. Skal ho gi det ein sjanse?

Familie i Stryn

No skjer det

– Ok. Om du får eit spennande jobbtilbod i Stryn, så vil eg vurdere det, seier ho til mannen.

Så skjer det. Ein dag kjem telefonen frå Rasmus. Han har fått tilbod om å vere rekneskapssjef i Moods of Norway.

– Så bra, svarte eg. Etterpå strigrein eg.

Med flyttelasset over Strynefjellet heldt ho hardt i handa til mannen. Det ukjende, og at dette truleg var for alltid, skremde ho.

– Kva i alle dagar skal eg gjere i Stryn? Tenk om eg byrjar å kjede meg? Kor skal eg hente inspirasjon til prosjekta mine?

Tankane var mange, og klumpen i magen vaks desto nærmare dei kom den vesle bygda.

– Det eg var mest redd for, var nok følelsane mine. Det ser eg i etterkant, forklarar Marthe.

Dette kan bli fint

Eit nydeleg hus med tømmerveggar, takbjelkar og eit stort tuntre ventar i Stryn. Med god hjelp frå svigerfar pussar dei opp det gamle huset og skapar ein varm heim for seg sjølv og ungane. Hagen er stor, i eit skogholt litt bortanfor står ei stor og rotfast alm med ein trebåt under. Det er kort veg til alle tilbod i bygda. Å levere i barnehagen tek fem minutt. Det første ho gjer om morgonen, er å opne verandadøra og trekke inn den friske lufta. Dette kan bli fint, tenker Marthe.

Marthe Holien Bø hjemme
Marthe Holien Bø på tur

Evig inspirasjon

Tåkemorgonar og utsikta mot fjell, elv og dalar gir evig inspirasjon og energi til små og store prosjekt. Tekstar til bloggen sin, stemningsfulle foto, stylingjobbar. Alt som ho likar å drive med. Dei rungande fjella utanfor vindauga, som før hadde verka så innpåslitne, blir ho fort ven med. Ho let seg stadig begeistre av naturen og ser ting som innbarka vestlendingar ikkje lenger legg merke til. Det er ei lette å oppdage at ho ikkje er avhengig av pulsen i byen for å skape noko.

– Kvilepuls er vel så god inspirasjon.

Opna heimen

Men minuset som vog så tungt på den lista står ved. Venene og familien er framleis langt unna. Ho bestemmer seg raskt for å skape nye band. Saman med mannen opnar dei sin nye heim og ber folk inn på besøk.

– Det var her kvardagen min skulle vere, og eg treng folk i livet mitt. Mange. Difor var eg veldig rask med å be folk på ein kaffikopp eller lange middagar, og eg slapp dei aldri ut att, ler ho.

Stryn tek ho godt i mot. Nye folk kjem inn i livet til Marthe, og det beste av alt: Dei heiar på ho!

– Eg har alltid gått litt utanfor rammene. Her har det vore plass til meg og mine raritetar frå dag éin. Og venner? Eg har ein heil gjeng! Saknet til venner og familie på Austlandet vil alltid vere der, men vi tek ofte turen over fjellet og pleiar forholda i aust. Og eg elskar framleis bylivet – berre i mindre porsjonar.

Skiftet

Etter kvart får Marthe seg jobb som bibliotekar. Ved sidan av jobben putlar ho med kreative prosjekt. Kvardagen er god. Tida som er til overs går med til turar i naturen, venner, lesestunder med barna i ein mjuk sofa, eller i ei hengekøye under eit plommetre. Likevel klarar stresset å banke på – her også.

– Det er ikkje slik at eg går rundt som ei harmonisk lykkepille og får til alt, ler ho.

Ho meiner det er fort gjort å gå glipp av små gleder i kvardagen, fordi vi ikkje klarar å vere til stades. At vi fyller kvardagen med for masse, slik at det som verkeleg betyr noko forsvinn i kaoset.

– Eg har lenge tenkt at det må komme eit skifte i samfunnet. Vi går rundt og gler oss til ferie eller helg og ser alltid framover. Og vips, så har åra gått. Det er ikkje slik det skal vere. Dette er noko vi jobbar med – kvar dag. Altså, å senke skuldrane litt. Du treng ikkje få til alt. Senk krava. Lat klesvasken ligge. Gå ut. Leik.

Marthe er overbevist om at det er enklare å finne roen her enn i bybildet. Av og til er det nok med eit blikk ut vindauget.

– Det er så mykje enklare å finne lommene og pausane her. Er det kaotisk, kan det vere nok å tusle barbeint bortover ei eng, putle litt i hagestova eller berre skue opp mot fjella. Roa er så tilgjengeleg her.

Kyss hverdagen bok
Kontor i Stryn

Boka

Kvardagen i Stryn formidlar ho gjennom blogg og Instagram. Folk likar å få innblikk i det idylliske livet, og det har blitt lagt merke til. Gjennom bilde, ord og små filmar gir ho kvilepuls til følgjarane.

– Plutseleg ein dag ringte det eit lite forlag. Dei spurte om eg ville lage bok om livsstilen min. Ei familielivsstilbok. For ein gåvepakke! Eg ropte JA, og visste at dette måtte eg gjere. Endeleg skulle eg få tid til å skrive den boka. Ja, for eg har jo drøymt om dette lenge.

Siste halvåret har Marthe brukt på ord og bilde som kan hjelpe meg og deg med å sjå små gleder i kvardagen. Som får oss til å stoppe opp i kaoset og spørje oss sjølv om kva som har verdi i livet. Ekte verdi. Det har blitt til boka «Kyss hverdagen».

– Desto meir eg fokuserer på dei små tinga, desto større blir livet for meg. Det vil eg gjerne formidle gjennom boka. Alle kan trene seg opp til å sjå små gleder i kvardagen, alle kan klare å finne ting dei er takknemlege for. Eg trur vi må slutte å stappe alt mogleg inn i liva våre og heller bruke tida på det vi har.

Fall på plass

Under skriveprosessen klarte ho sjølv å falle fullstendig til ro. På eit kontor, på eit loft i det huset i det tunet.

– Det har blitt heilt klart for meg at eg trivst best utanfor fastlagde rammer. Framover skal eg ta nokre val om korleis eg vil ha det. Med ei evig kjelde til kreative prosjekt rett utanfor vindauget og eit lokalsamfunn som heiar på meg, så trur eg at eg kan skape mi eiga karriere her.

Det er sju år sidan Marthe tok det skumle valet om å reise over fjellet. Sju år sidan ho bestemte seg for å busetje seg i Sogn og Fjordane.

– No tenker eg at eg godt kan bli gammal i Stryn.