Arne flytter

Nyheiter

Kjærleiksbrev til Vestland

Som dei fleste kjærleikshistorier, er heller ikkje denne ein dans på raude roser. Eg skal nemleg flytte!

Sidan juli har eg jobba med eit mantra om å auke tilflyttinga til fylket. Ironien er derfor litt vond å svelge, då eg sjølv flyttar til Austlandet om ikkje lenge. Likevel kan eg trøyste meg med ein ting: eg kan alltids kome tilbake!

Du lever berre ein gong


Rett frå skulebenken i Volda, søkte eg på eit vikariat i Framtidsfylket AS og Førde. Tankane mine svirra: Kan eg bu vekke frå kjærasten min? Kanskje. Kva er Framtidsfylket? Null peiling. Kva veit eg om Førde? Norges styggaste by. Kanskje er det akkurat dette eg trenger. For tross mitt sosiale stigma, er faktisk livsmottoet mitt “YOLO”.

Vestlandet

Velkomen til Norges styggaste by


Eg tok meg ein halvliter på Pikant og lente meg godt tilbake i stolen. Det var min første dag i Førde, og Jølstra glitra i refleksjon frå sola. Med fuglekvitring i bakgrunnen, tenkte eg på rykta om at Førde var ein stygg by. Urettferdig! Eg likte Førde frå første augeblikk. Eg driter i kva andre seier. Dei har nok aldri opplevd ein fuktig kveld på Larris Scene, eller utsikta frå Hafstadfjellet.

Her kan du lykkast


Gjennom året har eg fått sett eit næringsliv eg ikkje ante eksisterte. Det største inntrykket kjem frå teknologibransjen. Eg er offisielt blitt fan av selskap som Rocketfarm, Tibber og Evoy. Eg føler at vegen frå idè til gjennomføring er kortare her enn andre stader. Vegen til toppen er kortare, og støtta frå omgivnadane ligger alltid til rette for at DU skal kunne lykkast i det glade Vestland. Gründerfylket Vestland!

Bergen

Naturen er ikkje viktig for meg


Det openbare ville vore om eg dedikerte tre avsnitt for å skryte av naturen. Faktum er at eg kjem frå Møre og Romsdal, kor vi også har… ja, fin natur. Eg er glad i å gå på ski på Langeland, traske opp Halbrendsnipa og å jogge uforstyrra i skogen. Likevel er det uviktig.

Eg snakkar heller om moglegheitene til å skape seg eit liv: ha det kjekt på jobb, spele fotball og innebandy med frustrerte 40-åringar, flatfyll, sjå Sogndal på Fosshaugane Campus, høyre Vilde og Anna synge “Vestlandet” live, sjå Oddvar Torsheim handle på Coop Mega… Poenget: den totale pakka skapar trivsel.

Vestlandet

Ein romantisk komedie


For å runde av: Det handlar ikkje om kor fint Lovatnet er, men snarare om moglegheitene til å skape seg eit liv i nærleiken av det. Om livet mitt hadde vore ein romantisk komedie, håpar eg flyttinga mi til Austlandet er den delen av filmen kor eg er med feil person for så å kome tilbake til min store kjærleik, Vestland.

Ein stor takk til verdens beste kollegaer i Marie og Linda. Dei har gjort at eg har gledd meg til å dra på jobb kvar dag. I hylle dåkker!

Vi sjåast igjen!

Arne