Maja Finnes Sollid

Nyheiter

Karrieresteg i Kalvåg

Tekst: Kristine Slettehaug

Foto: Ian Aannevik / Photoevent

Med ei solid dose sjølvtillit i botnen, starta Maja Finnes Sollid sitt nye liv i Kalvåg utan jobb.

Når vi avtaler intervju med Maja Finnes Sollid, får vi beskjed om at ho har ei luke mellom to møter, og at vi må vere effektive. Samtidig spør ho om det er greitt at ho hiv i seg litt lunsj medan vi pratar?

– For no kokar det litt her.

Du tenker kanskje at ho sit i ein høg kontorbygning, til lyden av klakkande helar i gangane og bytrafikken som susar forbi?

Der tar du feil. Maja sit på heimekontor i huset sitt i Kalvåg. Til lyden av bølger som slår – og eigentleg ingenting anna.

Kva gjer ho her?

Når du etter kvart skal bli betre kjent med bakgrunnen til Maja, vil du kanskje rynke litt på nasen og spørje deg sjølv: Men kva gjer ho her? Men då må du tenke om igjen, for sjølv om russisk politikk og samfunnsstrukturar er blant hennar store interesser, er ho akkurat der ho no skal vere: I eit hus i Kalvåg med ein jobb ho trivst svært godt i.

Hus Kalvåg

Tryggleiken til å reise

Maja kjem frå Lyngen i Troms. Ein trygg oppvekst med gode relasjonar gav ho sjølvtilliten og tryggleiken ho trengte for å reise ut i verda. Interessa for politikk, samfunn og kultur kom tidleg, og ei stund drøymde ho om å bli journalist. Før ho begynte å studere, budde ho både i Belgia, Nederland og India.

– Eg vart meir og meir nysgjerrig på kvifor folk er som dei er og kva som ligg bak. Forskjellar i samfunnsstrukturar frå land til land fascinerte meg veldig, fortel ho.

Ønsket om å forstå kvifor menneske er så forskjellige over landegrensene, førte til at ho begynte å studere samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

– Eg er ikkje berre nysgjerrig på menneske, men også på strukturane bak og politiske system. For meg vart statsvitskap eit naturleg utdanningsval.

Greia med russisk politikk

Sjølv om russisk politikk har lite med livet ho lever i dag, ligg det ein link mellom interessa som oppstod i studietida og jobben ho har i dag.

– Etter at eg begynte å studere, fekk eg særleg interesse for Russland. Ønsket om å forstå våre naboar i aust, gjorde til at eg hadde fire utvekslingsopphald i St. Petersburg. Landet, historia og folket var utruleg spennande, og etter kvart fenga også handelsforhold, og spesielt sjømatnæringa, meg.

På den tida var Russland ein av dei største marknadane for norsk sjømat. Og det er der frampeiket til dagens karriere ligg, men det skal vi komme tilbake til.

Draumen om sjømatbransjen

– Masteroppgåva mi tok for seg handelsforholdet mellom Norge og Russland, med sjømatnæringa som case. Planen var å få jobb i sjømatbransjen etter studiane.

Det skulle gå nokre år før ho hamna der. Etter fullført utdanning fekk Maja jobb i konsulentselskapet Deloitte i Bergen.

– Jobben gav meg nyttig erfaring og ein veldig fin inngang til arbeidslivet, men eg kjente at det ikkje var der eg skulle vere resten av livet. Eg visste jo kva eg ville, seier ho.

Modningsprosessen

I Bergen møtte ho Helge. Ein triveleg sivilingeniør som hadde vakse opp i Kalvåg, og framleis hadde sterke røter der. Han snakka varmt om den vesle plassen ytst i havgapet.

– Eg forstod tidleg at han gjekk med eit ønske om å flytte heim. For meg var det heilt utenkeleg å flytte til ei lita bygd med tanke på karrieren eg drøymde om, men det var eit tema i mange år.

Men så var det desse verdiane. Verdiar som kan endre seg frå tjueåra til tredveåra. Frå du er student til du entrar arbeidslivet, frå du er singel og fri til du stiftar familie.

– Det er jo ein prosess, og synet på kva som er viktig endrar seg. Det er sunt å reise ut i verda og oppleve andre kulturar, men når alt kjem til alt, oppdagar du at ein trygg og solid base er det viktigaste i kvardagen. Eg trur den tryggleiken må ligge i botnen for å tore å reise ut og utforske på eiga hand.

Lengta etter kvalitetstid

Og der er ho og Helge like. Begge har vakse opp på ein liten stad, der alle kjenner alle og passar på kvarandre – og reist ut.

– Etter at vi fekk barn, lengta vi begge til ein stad med mindre jag og andre kvalitetar. Vi ville at ungane skulle vekse opp med jord under neglene og ete jordbær frå eigen hage. Tid vart viktig for oss.

– Og plutseleg var Kalvåg veldig aktuelt, ler ho.

Kalvåg
Kalvåg

Berre eitt problem

Med barn nummer to på veg, bestemte dei seg for å ta steget. Så sikre var dei på valet, at eit hus vart reist i Kalvåg i 2020. Det var berre eitt problem: Maja hadde ikkje jobb.

– Eg var litt nervøs, ja, humrar ho, før ho nærmast tar sats:

– Men veit du kva? Eg berre visste at det kom til å ordne seg. Eg veit at eg har mykje mellom øyra, at eg har noko å bidra med og at eg kan skape verdi. Om eg ikkje finn nokon som vil tilsette meg, får eg skape min eigen arbeidsplass, tenkte eg. Det er eg sikker på at eg hadde fått til, seier ho med forfriskande, nordnorsk sjølvtillit.

– Ja, eg er ganske trygg i meg sjølv, smiler ho.

Kremjobben var i Måløy

Så dukka det opp eit tips om å kontakte sjømatselskapet Coast i Måløy. Maja vart raskt interessert og sendte dei CV-en sin.

– Det viste seg at dei hadde ei stilling som kunne passe meg. Då eg landa den jobben, følte eg at eg hadde skote gullfuglen. Det var kult å oppdage; at ein kan flytte hit og komme rett inn i ein jobb som passar kompetansen min.

Ho skryt av Coast som arbeidsgjevar, og set pris på at dei ser verdien av at ho får jobbe med det ho er god til.

– Det betyr ikkje at eg ikkje får brynt meg, seier ho, mens ho kastar i seg lunsjen mellom slaga.

– Eg har fått ei krevjande stilling som stadig byr på utfordringar, og det var akkurat det eg såg etter. Det er kjempespennande å jobbe i sjømatbransjen, og litt ironisk at det var her og ikkje i dei store byane eg skulle finne kremjobben.

Skreddarsydd stilling

Ho har gjort seg opp nokre tankar om akkurat det:

– I store byar er det lett for at det stagnerer litt i karrieren. Det er mange om beinet, og det tar gjerne tid før du får ansvar og spennande oppgåver. I Coast har eg raskt fått ansvar, og eg opplever at det er stor fleksibilitet til å tilpasse stillinga mi etter kompetansen min og interessene mine.

Innhenta av tidsklemma

Etter snart eit år i Kalvåg, må ho ærleg innrømme at dei ikkje har fått meir tid her enn i byen. Men kva dei brukar tida på, har endra seg.

– Det har heilt klart blitt mindre jag, fordi det er færre tilbod her. Sjølvsagt saknar vi caffe latte, kino og å stikke innom ein søndagsopen butikk, men når alt kjem til alt er ikkje det viktig. Vi vil bruke tida på barna og nytte oss av nærleiken til naturen. Vi vil dyrke vår eigen mat og lære ungane kor lammekjøtet i butikken eigentleg kjem frå. Men tida fyk av garde, også her på bygda, ler ho.

Familien i Kalvåg

I snart eitt år har Maja Finnes Sollid, Helge Svarstad Røys (38), Jana Finnes Røys (3) og Jakob Finnes Røys (1) levd framilielivet i Kalvåg.

Lange dagar

Sidan både Maja og Helge jobbar i Måløy, blir det dagar med tidlege morgonar og pendling.

– Vi vekslar mellom heimekontor og å stå tidleg opp for å rekke ferja til Måløy. Dei dagane begge skal til Måløy, har vi avtale med barnehagen om å opne ti minutt tidlegare. At både arbeidsgjevarane og barnehagen legg til rette for at vi skal få kvardagen til å fungere, er noko vi set stor pris på. Men det blir lange dagar innimellom, sukkar ho, slik som småbarnsforeldre både i by og land har ein tendens til å gjere.

Fin liten gjeng

I Kalvåg har dei funne sin vesle gjeng å henge med.

– Vi kjente nokre andre småbarnsfamiliar frå før, og no har vi blitt ein liten gjeng som gjer ting i lag. Vi har ikkje hatt mykje tid til å vere sosiale og bli kjent med nye menneske, men så lenge vi har nokre få, fine folk i livet, så rekk det.

Yoga til sambygdingane

Ho har også begynt å undervise yoga til sambygdingane. Ein viktig hobby ho har tatt med seg frå livet i Bergen.

– Eg likar å formidle yoga til andre, og hadde ein workshop her på Kalvåg for nokre år sidan. Då vi bestemte oss for å flytte hit, var det fleire som hinta om at eg burde tilby kurs.

Og kurs har det blitt, til jubel frå sambygdingane.

– Kursa har vore fullbooka, med venteliste, så det er heilt klart eit ønske her i bygda. Det er fint å få praktisere hobbyen min, samtidig som eg blir kjent med nye folk.

Det er fint å få praktisere hobbyen min, samtidig som eg blir kjent med nye folk.

Maja yoga

Alle kan bidra med noko

Ho ser ironien i at ho som har reist verda rundt, elskar å oppdage nye kulturar og å møte nye menneske, har busett seg i ei bygd med rundt 400 innbyggarar.

– Ja, det e` jo litt artig, seier ho på klingande nordnorsk dialekt, og legg til: Men kulturen her er vel så interessant som andre stadar.

Ho trur vi må tenke større om små plassar.

– Eg har stor respekt for dei som flyttar på bygda og skapar sin eigen arbeidsplass. Her har vi alt frå Vivis matglede, til venninna mi som har starta med fysioterapi og han frå Polen som er møbelsnekkar. Mitt bodskap til dei som vurderer å flytte til ein mindre stad er: Små plassar byr på mange moglegheiter. Alle kan bidra med noko, du må berre finne ut kva, for det bur masse i deg.

Finn jobb i Vestland