Forskar Ingelin Kvamme frå Naustdal

Nyheiter

Juniorforskar Ingelin (29) har heimekontor 170 mil frå arbeidsgjevaren

Tekst: Kristine Slettehaug

Foto: Privat

Då coronapandemien sendte forskarane ved universitetet i Rotterdam på heimekontor, valde Ingelin å sitte heime på fjellgarden i Naustdal.

Det var interessa for helseøkonomi som førte Ingelin Årdal Kvamme til Nederland. Etter tre år som økonomistudent i Australia, fekk Ingelin auga opp for økonomisk teori som fokuserer på ulikskap og fattigdom. Helse er ein stor økonomisk drivar av ulikskap og fattigdom, og ein master med spesialisering i helseøkonomi lokka ho til Erasmus University i Rotterdam.

– Der var eg gjennom eit utruleg spennande studieløp. Fleire av faga er samansett av forskjellige fagfelt, slik at vi økonomar kunne samarbeide med legar og helsepersonell om ulike problemstillingar. Vi hadde mange utfordrande diskusjonar med innspel frå forskjellige perspektiv.

Ingelin Årdal Kvamme ved Erasmus University i Rotterdam

Ingelin på campus ved Erasmus University i Rotterdam. Foto: Privat.

Kanonstart på karrieren

Med eit brennande engasjement for faget, fekk ho kort tid etter fullført master vere med som forskarassistent på eit prosjekt ved Institute for Medical Technology Assessment.

– Prosjektet eg var med på skulle evaluere kosteffektiviteten av personleg medisin (genetikkbaserte behandlingar). Etter at ekstraksjonsdelen av jobben var gjort, fekk eg tilbod om å vere med vidare i den kvantitative analysen.

Og ikkje nok med det. Forskaren ho jobba for likte arbeidet til Ingelin så godt at ho anbefalte Ingelin vidare til direktøren av instituttet. Betre start på karrieren kunne ho ikkje fått.

Verdien av eit liv

– Etter eit jobbintervju i mars fekk eg jobben som juniorforskar ved Institute for Medical Technology Assessment. Der skulle eg delta i ulike prosjekt, blant anna evalueringa av kosteffektiviteten av nye behandlingar, noko eg synest er utruleg spennande.

Ingelin får jobbe med aktuell helseøkonomi innan engasjerande tema.

– Vi jobbar blant anna med evaluering av livskvalitet og auke i livslengde på nyttesida, og akseptterskelen for kva samfunnet er villig å betale og kva kostperspektiv det er riktig å ta på kostnadsida. Eg får òg vere med på prosjekt der fokuset er flytta frå spesifikke behandlingar til meir samfunnsbaserte problemstillingar.

Ein høgt ønska jobb var landa, men det var berre eitt problem: Covid-19.

Lockdown og heimlengsel

– Intelligent lockdown starta den veka eg begynte i juniorstillinga. Derfor har eg ikkje fått mykje erfaring frå å jobbe på kontoret, og fleire av kollegane har eg berre møtt online.

Ingelin sakna eit tettare samarbeid med kollegaane, og på grunn av høge smittetal i Nederland var det strenge smittevernstiltak og lite å finne på utanom jobb.

– Det har til tider vore tøft å sitte for seg sjølv i lengre periodar. Det einaste vi kan gjere er å gå tur. Kontoret opnar tidlegast i september, så etter kvart bestemte eg meg for å reise heim til Øvre Kalland i Naustdal, og ha heimekontor på fjellgarden vår.

Rotterdam
Øvre Kalland

Forskararbeid frå fjellgarden

Sjølv om ho saknar tettare samarbeid med forskarkollegaene, er det null problem å utføre arbeidsoppgåvene hundrevis av mil frå arbeidsgjevar.

– Så lenge ein har ein god data, ei notatbok og internett, kan ein drive med mykje frå ein liten gard oppe i fjella.

Frisk fjelluft, familie, venner, nevøar og turar med familiehunden er kvalitetar som lokkar heime. Og toppane. For dei er det ikkje mange av i Nederland.

– Som vestlending er det rart å ikkje kunne gå ut døra og fare på fjelltur. Og så likar eg å hjelpe til på garden og i gardsbedrifta. Det er ikkje blitt noko særleg byjente av meg endå, så eg saknar veldig å vere i bondelandskapet.

Vil forske på ulikskap verda rundt

Trass saknet blir ikkje heimekontor på fjellgarden ei permanent løysing. Karrieremoglegheitene i Nederland freistar for mykje til det.

– Eg planlegg å bli verande i Rotterdam og håpar å få halde fram ved instituttet nokre år. Vidare i karrieren har eg eit ønske om å arbeide med helse innan utviklingsøkonomi, og å arbeide med ulikskap og fattigdom. Faget er eit veksande område i mange land, og eg kan tenke meg å jobbe verda rundt.

Ein fot i heimfylket og ein i utlandet

På heimekontor i Naustdal har ho erfart at å kombinere jobb i utlandet og heime er fullt mogeleg.

– Som forskar brukar du mykje tid på å studere data og å skrive. Slike element av jobben kan eg utføre nesten kor som helst. Eg har difor eit håp om å utnytte dette ein gong i framtida.

Ho er heller ikkje framand for fast jobb i heimfylket.

– Det er moglegheiter for spennande forskingsarbeid innan interessefelta mine i heimfylket. Til dømes ved Høgskulen i Vestland eller Universitet i Bergen. Spesielt interessant er helsekompetansen som finst i Sogn og Fjordane med tanke på sjukehuset og forsking som føregår tilknytta Helse Vest, avsluttar ho.