Jobb som fjellsikrar hos Mesta

Nyheiter

Her heng Anders – og det er jobben hans

Tekst: Kristine Slettehaug

Foto: Privat

Dette var dritmoro, tenkte Anders Flæte (38) då han fekk prøve seg som fjellsikrar. Dagleg ser han fleire hundre meter ned, men han ser seg aldri tilbake i jobbvalet.

Anders Flæte har tømrarbakgrunn, men det var som entreprenør i Lærdal at han fekk prøve seg som fjellsikrar.

– Tilfeldigheiter førte til at eg fekk ein fjellsele i handa og spørsmål om eg hadde høgdeskrekk. Eg tok utfordringa, og etterpå tenkte eg at dette var dritmoro. No har eg halde på i elleve år og meiner eg har verdas kjekkaste yrke. Eg sikrar alt frå plommetre og smale vestlandsvegar til Bergensbanen.

Anders Flæte jobbar som fjellsikrar hos Mesta

Har ikkje råd til å gjere feil

Flæte bur i Lærdal med kone og eitt (snart to) born. Som fjellsikrar klatrar han opp stupbratte fjellsider for å reinske for stein etter ras, eller sikre eit område, slik at det skal bli tryggare for deg og meg å køyre langs vegane våre. Er han aldri redd?

– Eg har ikkje høgdeskrekk, men det har hendt eg har kjent på skrekken og tenkt: Oi, kva skjedde no? Dette kunne jo gått til helvete. Sjølv om vi har gode sikkerheitsrutinar, må vi alltid gjere ei risikovurdering og ta gode val. Vi har ikkje råd til å gjere feil. Eg vil helst komme heim til familien etter jobb.

Evna til å halde hovudet kaldt

For å få jobb som fjellsikrar, er det spesielt tre eigenskapar som er viktige:

– Du må ha evna til å halde hovudet kaldt, sjølv 500 meter over bakken, alltid tenke to skritt framover og vere flink til å arbeide. I tillegg bør du vere tilpassingsdyktig, for vi er mange folk med ulik bakgrunn som jobbar saman.

Opplever landet

Flæte er tilsett i Mesta med kontor i Lærdal, men reiser Norge rundt.

– Eg får sett og opplevd utruleg mykje, og får betalt for å vere der andre betalar for å komme og sjå. Når du heng fleire hundre meter over ein turistattraksjon, opplever du den frå ein vinkel få andre gjer.

– Eg får sett og opplevd utruleg mykje, og får betalt for å vere der andre betalar for å komme og sjå.

Anders Flæte jobbar som fjellsikrar i Mesta

Heit på Instagram

Det hender at han knipsar eit bilde eller to når han er på jobb. Den jordnære familiemannen frå Lærdal er kanskje ikkje prototypen på ein influensar, men på Instagram tikkar det sakte men sikkert inn likes og følgjarar. I 2019 var han også aktuell i dokuserien Ras på MAX.

– Det er fleire enn meg som let seg inspirere av spektakulære høgder og natur. Eg tek bilde der folk ikkje har vore før, og garantert frå ein ny vinkel, humrar han, som ei forklaring på den aukande følgjarskaren.

Anders Flæte er populær på Instagram
Anders Flæte er instagramkjendis

Har funne sitt kall

Han angrar ikkje på at han tok i mot klatreselen den dagen for elleve år sidan.

– Eg trivst forferdeleg godt som fjellsikrar. Arbeidsmiljøet er godt og sosialt, og jobben er både utfordrande og givande. Eg vil absolutt seie at eg har funne mitt kall. Kva skulle ein gjort om ein ikkje dreiv med fjellsikring?