Her får du garantert jobb

Nyheiter

Garanterer deg jobb i fylket

Tekst: Kristine Slettehaug

Foto: Photoevent

Kunne du tenke deg å kombinere helsefag med ingeniørfag? Likar du tanken på å hjelpe andre menneske til betre livskvalitet? Då har Sogn og Fjordane eit skrikande behov for deg.

I dag er det nemleg berre to ortopediingeniørar i Sogn og Fjordane, der ein av dei nærmar seg pensjonsalder. Marianne Slettehaug har heldigvis mange år igjen i yrket, men skulle gjerne hatt fleire kollegaer.

– I dag er vi to ortopediingeniørar som dekker eit stort område. Eg har base ved hovudkontoret i Førde, medan kollegaen min jobbar på klinikken i Sogndal og litt her. Vi skulle helst vore tre, for det er mange som har behov for tenestene våre.

Nærleik til pasientane gjer eit slikt tilbod i Sogn og Fjordane viktig.

– Derfor frir vi no til deg som skal søke høgare utdanning i april og ser etter ein spennande jobb, forklarar ho.

Må vere interessert i menneske

Ortopediingeniør er eit smalt, men viktig fagfelt. Berre 16 studentar blir tatt opp i året, og det er OsloMet som tilbyr den treårige utdanninga. Dei skildrar yrket slik:

"Ein ortopediingeniør lagar protesar og andre hjelpemiddel til menneske som anten manglar ein kroppsdel eller treng støtte til ein kroppsdel. Ortopedi foreinar helsefag og ingeniørfag – og passar for deg som ønsker å gjere livskvalitet til andre betre."

– Du må først og fremst vere interessert i menneske og ha evne til å lytte til pasienten sine problemstillingar. Då kan du kartlegge behov og ta gode val med omsyn til hjelpemiddel.

Eit teknisk fag

Samtidig er det viktig at du har ein ingeniør i magen.

– Ortopediingeniørfaget er eit teknisk fag, og du vil jobbe med ulike materiale og tekniske løysingar. Handverket er ein viktig del av yrket, så eg kan trygt seie at du vil ha varierte dagar.

Møter ortopediske utfordringar

Sjølv er ho opphaveleg frå Austlandet, men likar breidda i arbeidet på mindre stadar.

­– Vi møter alle typar menneske med forskjellige ortopediske utfordringar og lidingar. Den største fordelen med å jobbe i distriktet er at du får jobbe med spesielle saker, fordi vi er det næraste tilbodet.

Marianne jobbar mykje med produksjon av innleggssålar, spesialsko, støtteskinner og fotsenger, men tar også større oppdrag som protesar og skal.

– Av og til blir vi sett inn i større oppdrag, som til dømes å lage eit ståskal til barn frå livet og ned. Det er spennande oppdrag der du verkeleg føler at du bidrar.

Ortopediteknikk Førde
Ortopediteknikk Førde

Takknemlege pasientar

Marianne opplever at ho har ei takknemleg pasientgruppe.

– For mange av pasientane kan eit tilpassa hjelpemiddel vere det dei treng for å auke livskvaliteten og betre helsa. Det gjer det til eit givande yrke der du blir sett pris på.

Vil bli tatt godt i mot

Om du utdannar deg til ortopediingeniør, vil du vere ettertrakta i Sogn og Fjordane.

– Eg kan nesten garantere deg jobb. Du må sjølvsagt vere kvalifisert og ha engasjement for jobben og faget, men mi erfaring er at ulike typar menneske kan passe i yrket, både innadvendte og utadvendte.

Det er eit lite, men godt miljø for yrkesgruppa i Norge.

– Sjølv om vi er få her, vil du ha kontakt med kollegaer frå heile landet. Vi jobbar under Ortopediteknikk as med hovudkontor i Oslo, og er ei av Norges største ortopeditekniske verksemder.

Eit yrke du blir i

Svært få ortopediingeniørar sluttar i yrket. Det er eit godt teikn.

– Når du først brenn for faget og finn din plass, er dette eit yrke som du er lenge i. Variasjon og at du betyr noko for andre, gjer at mange trivst.

Som ein liten bonus kan Marianne lokke med nye og moderne lokale i Førde.

– Det gjer det jo ekstra triveleg å gå på jobb, avsluttar ho.

Her finn du meir informasjon om utdanninga.