Lene Ellingsrud

Nyheiter

Frå storbyliv til havet, naturen og eit pulserande næringsliv i Florø

Uventa slumpetreff, Covid-19 og ei fersk mastergrad i digital marknadsføring og analyse, gav Lene Ellingsund ein kreativ jobb som passar ho heilt ypparleg.

– Eg trivst i den vesle heimbyen min Florø, smiler 26-åringen.

Ho, som familie og vener trudde var den siste til å vende snuten heimover. Kva skjedde?

Rastlaus

Lene er fødd og oppvaksen i Florø, med kystlandskap og det store havet rett utanfor døra. Ho vart tidleg nyfiken på kva som finst der ute, utanfor horisonten.

– Karrierevegen min er kanskje ikkje heilt enkel å skildre. Eg har stort sett gjort det eg har lyst til, smiler Lene, som allereie på vidaregåande var på utveksling i Kentucky.

Lene på BI

Byen vart for liten

Interessa for reiseliv, natur, fjell, mote og interiør, nye kulturar og opplevingar førte ho til fleire studieopphald i USA. Eine gongen var då ho tok bachelor i marknadsføringsleiing ved BI i Bergen.

– Eg blei fort rastlaus i Bergen, og følte ikkje at byen var stor nok for meg. Det enda med at eg reiste tilbake til Kentucky og tok eine semesteret der.

Etter studiar søkte ho jobb i Cape Town, men måtte først jobbe eit halvt år i London for å få visum.

London
London

Isolert under nedstenging

Då pandemien breia seg utover verda i mars 2020, budde og jobba ho i Sør-Afrika. Nedstenginga der var noko heilt anna enn den vi opplevde i Noreg.

– Det var ikkje snakk om ein luftetur ein gong. Etter to månader med nedstenging bestemde eg meg for å reise heim til trygge og vesle Florø. Det var ein lang og vanskeleg prosess å få reise under pandemien, men 17. mai var eg endeleg tilbake i Noreg.

Heildigital mastergrad frå Florø.

Berre kort tid før pandemien slo innover oss, hadde Lene fått nye oppgåver og meir ansvar på jobben, og vart til og med leiar for teamet sitt.

– Eg likte meg særs godt i Cape Town, og hadde i utgangspunktet tenkt å bli der i to år, men på lenger sikt tenkte eg at Cape Town vart for mange mil frå Florø. 

Det var ikkje optimalt å vere leiar for teamet i Sør-Afrika, med base i Florø.

– Etter ein del fram og tilbake bestemde eg meg for å starta på ei mastergrad ved Regent’s University i London. Grunna pandemien vart heile mastergrada fullførd heildigitalt frå Florø.

Jobbtilbod før avslutta utdanning

Samtidig som Lene studerer til mastergrad i digital marknadsføring og analyse, tek ho kontakt med eit rekrutteringsbyrå i Florø. Med ei snart fersk Master of Science, ei bachelorgrad frå Handelshøgskulen BI i marknadsføringsleiing, og eit semester i mote og entreprenørskap frå New York i ryggsekken, er Lene ein spennande kandidat for fleire verksemder.

– Eg snakka med mange, mellom anna Avent Digital. Dei hadde behov for nokon med kompetansen min, og eg tykte dei verka svært spennande. Eg fekk tilbod om jobb, og starta raskt i ei halv stilling medan eg fullførde mastergrada.

Stor overrasking

Allereie i mai 2021 kjøpte Lene seg bustad i Florø. Ho visste alt då at ho kom til å blir buande i Florø for å jobbe fulltid hos Avent Digital. Ho slo frå seg vidare planar om å få seg arbeid i Oslo, slik ho hadde tenkt.

– Jobben i Avent Digital er veldig spennande, smiler Lene. Eg kunne ikkje finne på å seie opp jobben og reise herifrå. Eg trur det var ei stor overrasking for familie og vener at eg vart verande i Florø.

Kombinerer jobb og fritid

– Tenk, eg som trivst så godt i storbyar. Kanskje var det alle problema med å komme seg heim frå nedstenginga i Sør-Afrika som påverka meg? Kanskje det er ein kombinasjon av fleire ting: Havet, naturen, ein tur på sjøen eller hytta og familien så nære? Det er noko eg set større pris på no enn nokon gong før. Ofte kombinerer eg innhaldsproduksjon med interessene mine for hav og fjell, og det gjer at eg får ein svært variert og innhaldsrik kvardag.

Oktober 2021 slo Avent seg saman med Rein Design, som no er arbeidsplassen til Lene.

– Eg får brukt utdanninga mi kvar dag, og fordi vi no er ei større verksemd har vi samla mykje kompetanse. Arbeidet er kreativt, og det passar meg heilt ypparleg.

– Kven skulle trudd at det finst så mange mogelegheiter på ein så liten stad?

Lene i Rein Design

Livslærdom på vegen

– Det aller viktigaste eg har lært til no er å stole på meg sjølv, ta utradisjonelle val og gje ting ein sjanse. Det er alltid mogeleg å ta eit nytt val, smiler Lene. Trygge Florø forsvinn heldigvis aldri.

Finn jobb i Vestland