Erlend Fardal Lunde

Foto: BA

Nyheiter

Erlend er ustudert røvar – leiar vitensenter

Erlend Fardal Lunde (33) gav seg som hotelldirektør i Bergen midt under covidkaoset. I Sogn venta nye utfordringar.

Erlend vaks opp på Systrond som eldst i ein søskenflokk på tre, med ein draum om å bli fotballproff i England. Då talentet ikkje strakk til og viljen ikkje var nok, enda han i grøne klede og ei stilling som assisterande butikksjef på Kiwi Hermansverk.

At han hamna der var litt tilfeldig, og ifølge Erlend kan tilfeldigheiter definere eit liv. Då han vart sett opp med to eksamenar på same dato siste semester på vidaregåande i Sogndal, måtte han venta på generell studiekompetanse til hausten. I staden for studiar vart det difor heller direkte ut i jobb.

– Ein jobb tett på folk med mål om å levera kvalitet til kundar kvar einaste dag. Eg var stolt over jobben og elska å ta på seg den grøne uniforma.

Yes I can!

Etter ein tøff periode privat vart Erlend sjukemeld i seks månadar før han starta jakta på ny jobb. Han fekk stillinga som resepsjonist på Quality Hotel Sogndal, der eit av kriteria var at ein måtte ha «yes I can-attitude», noko Erlend meinte han hadde. Etter ein knapp månad gav direktør Jørgen Christian Lindstrøm den uerfarne resepsjonisten tilliten som resepsjonssjef.

Jørgen Christian såg nok noko i meg allereie då. Eg trur ikkje mange hadde gitt ein 20-åring med null kompetanse på området ei slik leiarstilling. For meg vart det ein stor dag, og det gav meg trua på at eg kunne få til det eg ville.

Kometkarriere som 23-åring

Erlend gjorde kometkarriere på hotellet og vart salssjef i 2010, før han som 23-åring vart forfremma til hotellsjef og nestkommanderande for direktøren i mars 2011. Med knapt to års hotellerfaring fekk Erlend ein posisjon mange kjempar for i årevis. Gjennom åra som følgde vart Erlend ein markant skikkelse på hotellet og viktig i utviklingsarbeid på mange fagfelt.

Store ambisjonar krev vågale val

Hausten 2014 fann Erlend ut at han ville vidare. Jobben i Sogndal var god, men ambisjonane større. Erlend hadde bestemt seg for å bli hotelldirektør, og den moglegheita er ikkje enkel å få på eit familieeigd hotell. Gjennom mange månadar søkte han og var med i fleire direktørprosessar utan hell. Tidleg i 2015 tok Erlend eit val få andre ville tatt. Han sa opp stillinga si utan å ha ein ny jobb å gå til. Saman med sambuaren, Karoline, som han no er gift med, bestemte dei seg for å flytta til Bergen og starta på studiar den komande hausten.

Etterlengta telefon

Driftsdirektør i Clarion Collection Hotel Norge, Tina Våtvik Olsen, hadde innstilt Erlend som 2.kandidat til direktørstillinga på Hotel Oleana i Bergen. Ho putta namnet på ei ringeliste i tilfelle dei trengte direktør på eit anna hotell. Telefonen frå Tina kom same veka som Erlend pakka ned kontoret sitt i Sogndal.

Erlend plar seie at han takka ja til direktørjobben på Clarion Collection Hotel Kysten direkte, og at Sandnessjøen var forlokkande. Sanninga er at han først sjekka kartet og brukte tre dagar på å tenkja seg om før han takka ja til eit pendlarliv mellom Bergen og Helgeland. Målet var å snu eit hotell i motvind for å setja seg i posisjon til å få ein jobb lenger sør innan to år. Det var no eller aldri. Skulle Erlend bli hotelldirektør var dette moglegheita han ikkje kunne seie nei til. August 2015 starta han i stillinga som hotelldirektør.

– Det var tøft å pendla med fly annankvar veke, og for ein mann med sterk flyskrekk vart pendlarlivet meir utfordrande enn eg hadde trudd. Kva har eg gjort, tenkte eg første gongen eg stod på Stokka Lufthamn.

Hardt og strategisk arbeid

Erlend la bak seg totalt 80 flyturar som del av strategien om å klatre karrierestigen.

Jobben han gjorde for hotellet var heile tida i fokus, og det vart viktig å skapa seg ein posisjon i næringslivet og syte for at dei viktige og rette personane brukte hotellet til store hendingar.

– Hotellet klarte å ta trafikk frå konkurrentar og fekk ein sterk posisjon i lokalmarknaden.

Tilbod om kremjobb

Etter knappe 15 månadar i Sandnessjøen, kapra Erlend draumejobben som hotelldirektør på Comfort Hotel Bergen Airport. Det nye hotellet var Bergens 5. største hotell med 304 rom, og låg 2 minutt frå den nye terminalen på Flesland. Gjennom tre driftsår vart hotellet marknadsleiande i sitt segment på Flesland og leverte eit kanonår i 2019. Alt låg til rette for å knusa alle rekordar i 2020.

Petter Stordale

Foto: Sogn avis.

Avbraut pappaperm for å permittere

– Det gjekk i svart dagen då Erna stengde landet. Eg var sjølv i pappapermisjon på den tida, og måtte tilbake for å permittere nesten heile teamet. Eg måtte avbryte permisjonen i eit par dagar, for eg kunne ikkje sitje heime og la vikaren min ta denne jobben. Eg skulle sjå kvar einaste tilsett i auga då eg gav dei permitteringsvarsel.

Hendingane sette i gong ein tankeprosess. Var han verkeleg på det stadiet i livet som han ønskte? Konklusjonen var, som den var i Sogndal i 2015, at han ikkje var motivert for jobben lenger. Erlend meinte difor det vart feil at han skulle koma tilbake og kontakta leiaren sin for å be om ein smidig exit.

"Hotelldirektør sluttet på dagen"

Dagen etter intern annonsering slo Bergensavisen opp som toppsak på nett «Hotelldirektør sluttet på dagen». Når slike ting skjer trur dei fleste at vedkomande har fått sparken, men dette var Erlend sitt val og han var heilt trygg på at dette var det rette valet. For andre gong i livet stod han utan jobb og utan ein konkret plan.

– Eg har eit prosjekt til deg

Kaupanger-patriot, styreleiar og primus motor for ViteMeir, Tor Arne Ness, sende Erlend ei melding på Messenger ei veke etter at han forlèt stillinga på Flesland.

– Tor Arne ville ha ein prat med meg, og tilbydde ei prosjektstilling for å driva sal og marknad i seks månadar.

Etter ein tankeprosess over nokre månadar valde Erlend å takka ja til jobben, og sluttstreken for Bergenseventyret var sett; Erlend, Karoline og deira då 1 år gamle dotter Aria skulle flytta heim til Sogn.

Ustudert røvar leiar vitensenter

Etter kort tid i prosjektstillinga fekk Erlend tilliten som dagleg leiar på ViteMeir. Etter 11 år i hotellbransjen tok han steget for fullt inn i ei verd han framleis jobbar med å forstå, for med unntak av skjegget er det veldig lite som minner om vitskap og realfag ved Erlend Fardal Lunde. Det vart aldri tid til å ta ei lang utdanning, og med unntak av nokre fag som emnestudent og eit emne i coaching og relasjonsleiing er Erlend det som mange kallar for ein ustudert røvar.

– Det er jo litt kult at eg som ikkje har utdanning skal leia eit vitensenter med matte, naturfag og teknologi som hovudfokus. Kven hadde trudd det då eg gjekk i grøne klede på Kiwi?

ViteMeir

Nytt liv og 3 sett besteforeldre

I fjor haust pendla Erlend annankvar veke mellom Bergen og Sogndal før heile familien flytta like før jul. Dei har ikkje angra på valet ein einaste dag, og set stor pris på eit dei har tre sett besteforeldre til å hjelpa seg i kvardagen. Aria får knytt sterke relasjonar til alle sine søskenbarn, tanter og onklar.

– Me hadde ingen familie i Bergen, og sjølv om me treivst veldig godt vart saknet etter Sogn for stort. Eg er frå Systrond og Karoline frå Hafslo, og me har begge verdsatt å veksa opp på bygdi sjølv og ville difor gjerne at Aria skulle gjera det òg. I januar kjem det ein liten gut til familien vår, og me gler oss til å skapa oss eit liv i Sogndal.

Erlend er også ein av eigarane bak BRASA Restaurant & Bar som skal etablerast i kjellaren på Bankbygget i Sogndal. Mange jarn i elden er ei skildring som passar godt.

Erlend

Gir seg ikkje

Saman med teamet på ViteMeir skal Erlend opna vitensenteret 11. november i år. Dei har allereie starta å selja billettar til opningshelga og ligg godt an i høve framdriftsplanen. Når opninga er overstått og normal drift på vitensenteret er satt, håpar Erlend at han kan realisera ein ny draum: Draumen om å fullføra bokprosjektet sitt.

– Eg har vore heldig og fått lov til å halda mange foredrag om leiarskap dei siste åra, i tillegg til at eg har blogga om emnet. Det er etter mitt syn for mykje tung teori i bøker om leiarskap, og difor er målet å gi ut eit bok med min filosofi og visjon som leiar. Kanskje eg klarar det når eg skal ut att i pappapermisjon neste år? Tittelen er allereie klar: Leiarskap i praksis.

Vitensenteret ViteMeir opnar 11. november 2021 på Kaupanger. Interessert i å jobbe der? Les meir her.