Trainee Indre Hordaland

Eit traineeventyr i Hardanger

Tekst: Arne Inge Solgard

Foto: Trainee Indre Hordaland

Om du trur Hardanger tilhøyrer ein periferi der moglegheitene for jobb og karriere er svært begrensa, kan du tru om igjen. Verkelegheita er nemleg ei heilt anna.

Skildringane frå Vestlandsfanden si 80-tals perle “Plukka plommer i Hardanger”, skaper ikkje eit heilt rettferdig bilete av kva som faktisk eksisterer i regionen. Sjølv om fruktene bokstavleg talt ber godt i siderindustrien, kan styreleiar i Trainee Indre Hordaland, Gunn Mæland Dagestad, fortelje om ei rekke spennande verksemder som held til i regionen.

Øystein O. Dagestad i Odda Mekaniske Verkstad og Gunn Mæland Dagestad i Trainee Indre Hordaland

På bilete: Øystein O. Dagestad i Odda Mekaniske Verksted og styreleiar i Trainee Indre Hordaland, Gunn Mæland Dagestad

– Du blir ingen maur

Traineestillingane for 2020/2021 gjennom Framtidsfylket er ute, og fleire av jobbane er nettopp frå Hardanger-regionen. Dagestad melder om fleire interessane arbeidsområder i ei rekke spennande verksemder. Markedsføring, krevande mekanisk industri, forsking, kjemi og prosess, er berre nokre av fagfelta ho listar opp.

– Ein ting er i alle fall sikkert: Du blir ingen maur. Her blir du sett av andre, du får ansvar og blir satt pris på av andre, fortel styreleiaren.

Ein større verdi av å vere trainee

Ifølge Dagestad er det fleire årsaker til at bedriftene ønskjer å ha trainear. – For det fyrste er det ein fin måte å rekruttere tilsette på. Traineane har ofte ein interessant motivasjon i sin måte å finne jobb på, då dei har noko ekstra i motivasjonen sin. Det å ha ein trainee på arbeidsstaden gjer også at det ligg ein felles tanke bak, kor ein vil ha unge inn i bedrifta, seier ho.

– Det ligger meir enn berre ein jobb i ein traineepakke.

Trainee Indre Hordaland

Lærerikt år

– Det ligger meir enn berre ein jobb i ein traineepakke. Personlegheitsutvikling står i fokus, og mange får prøve seg i forskjellege stillingar i bedrifta. Det gir eit godt grunnlag i starten av arbeidslivet, fortel Dagestad.

Med fleire samlingar i løpet av året, vil du bli godt kjent med regionen du bur i, traineekullet ditt og næringsliv. Gjennom året får du også utanlandstur, sosiale hendingar og mykje nyttig kunnskap og erfaringar. Saman med ein arbeidsstad som gir god oppfølging, får

Trivsel i fokus

Dagestad trur det er gode forutsetningar for at folk skal trivast i Hardanger. – Vi er hyggelege menneske er, og veldig greie å jobbe med. Dei bryr seg og er opptekne av å dele kunnskap. Samfunna er ofte mindre, og ein møtast fleire stader enn berre på jobb. Du blir synleg i miljøet og blir lagt merkje til, seier Dagestad.

Vidare fortel styreleiaren at bedriftene hentar inspirasjon frå kvarandre og blir sterkare av å dele erfaringar med kvarandre. – Vi har alltid eit ønske om å kunne hjelpe og dra kvarandre opp, avslutar ho.