Mons og Viljar i Drip Fiske

Vestlandslivet

Viljar og Mons skaper unikt reiselivsprodukt

Tekst: Kristine Slettehaug

Foto: Drip Fiske

Fleire tusen timar på og ved fjorden gav ideen om eit nytt reiselivsprodukt. Drip Fiske tar deg med på heftig djupvannsfiske.

Du er kanskje ein av tusenvis som har sett Mons Johan Hoel (23) og Viljar Brekke (25) fiske på Youtube? På kanalen sin formidlar dei to ivrige fiskarane kor moro det kan vere. Entusiasmen for det som skjuler seg på djupet skin igjennom kamera, og det er kanskje derfor dei har fått så mange visingar?

– Ja, vi har begge stor lidenskap for fiske. Vi har vakse opp med fiske og hatt det som hobby heile livet, men på kvar vår kant av landet.

Eit liv med fiske

Mons Johan kjem frå Balestrand og Viljar frå Nesodden utanfor Oslo.

– Vi møtte kvarandre på folkehøgskule på Gol, der begge gjekk på skilinja. I 2016 vart Viljar med på fisketur i Balestrand, og eg introduserte han for djupvannsfiske, fortel Mons Johan.

Etter den turen har det blitt tusenvis av timar med fisking på og ved fjorden. Begge studerer ved Høgskulen Vestlandet i Sogndal, og har såleis lett tilgang på Sognefjorden.

– Vi har vakse opp med fiske og hatt det som hobby heile livet, men på kvar vår kant av landet.

Viljar og Mons Johan i Drip Fiske

Å ligge mellom bratte fjell

– Det som er spennande med djupvannsfiske er uvissa rundt kva som vil dukke opp frå djupet. Å ligge mellom bratte fjell, høyre fossen dundre i bakgrunnen og sjå sola spegle seg i breen, samtidig som du ventar på at noko stort skal ta agnet ditt. Det er det som gjer djupvannsfiske så spesielt, fortel dei.

Etter kvart kom ideen om å lage eit reiselivsprodukt av hobbyen. Det måtte jo vere andre som set pris på den unike opplevinga?

Skapningar ingen har høyrt om

– Vi meiner at dette er eit heilt unikt reiselivskonsept som Sogn treng, og som vi kan leve av. Djupvannsfiske er ein liten nisje innan sportsfiske, og skjer på 250-450 meters djupne. Artar vi jaktar etter er skapningar som dei fleste aldri har sett eller høyrt om.

Drip Fiske er per dags dato ein Youtube-kanal med fiskeinnslag, men etter kvart vil dei ta med seg folk på djupvannsfiske.

– Reiselivsbedrifta er heilt i oppstartsfasen. Vi startar med dei ressursane vi har tilgjengeleg i dag, men vi har større tankar og planar for eit meir omfattande og verdiskapande reiselivsprodukt i framtida.

Djupvatnfiske i Sognefjorden med Drip Fiske

Artane som Viljar og Mons Johan drar opp frå djupet er så sjeldne at mange ikkje har sett eller høyrt om dei før.

Den ultimate livsstilen i Sogn

Samtidig som dei ferdigstiller reiselivskonseptet, tar nødvendige setifiseringar og planlegger full drift frå neste vår, studerer dei Naturbasert reiseliv. Viljar på tredje året, Mons Johan på første. Men når dei først har fri er det to ting som gjeld.

– For vår del er fjell og fjord den ultimate avkoplinga frå kvardagen. Vi køyrer på ski frå november til mai og fiskar frå mai til november. At alt ligg til rette for denne livsstilen, er det som gjer Sogn så spesielt.

Fiske i Sognefjorden med Drip Fiske

Fiske frå mai til november, ski frå november til mai. Viljar og Mons Johan har funne det gode liv i Sogn.