digital jobbmesse

Foto: Photoevent

Nyheiter

Digital jobbmesse

9. mars samlar vi arbeidstakarar frå heile Norge i din PC-skjerm. I tre timar kan du chatte, videosamtale og skape blest rundt bedrifta di. Kanskje sit du igjen med gullkandidaten.

Kva er ei digital jobbmesse?

Ei digital jobbmesse er eit treffpunkt mellom arbeidssøkar og arbeidsgjevar, der alt skjer digitalt. Bedriftene lagar ein virtuell stand med bilde, film og nyttig informasjon, og jobbsøkarane lagar ein brukar med cv. Alt dette er gjort i forkant av messa. Under messetidspunket kan besøkande navigere seg rundt på den virtuelle messa, booke videosamtalar, chatte og snoke rundt på bedriftene. Standane til bedriftene er synlege i til saman ein månad, det vil seie at den er synleg både før og etter sjølve messa.

Meld på

Kor mykje jobb blir det for meg og bedrifta mi?

Minimalt. Når bedrifta er påmeldt, tek dei flinke folka i jobbmesse.no kontakt med deg. Dei hjelper deg med å rigge opp ein virtuell stand. Under messetidspunket må det vere ein person frå bedrifta tilgjengeleg for å svare på chat og videosamtalar frå deltakarane.

Kvifor bør bedrifta delta på digital jobbmesse?

Det er ein enkel og lite ressurskrevjande måte å møte potensielle arbeidstakarar på, spesielt i desse tider. Om du har ledig stilling eller ikkje, er det alltid smart å vere synleg i arbeidsmarknaden.

Kor mykje kostar det?


Ein kan velje mellom gullstand (10 000,-) eller sølvstand (8000,-). Her kan du sjå forskjellen på dei to alternativa

Meld på