Regine Johansen diggar arbeidsmiljøet i SFE

Nyheiter

– Arbeidsmiljøet er ein av grunnane til at eg diggar å jobbe i SFE

Tekst: Marie Tefre Birkeland

Foto: Privat

Regine Johansen (25) er stolt over å jobbe i eit selskap som har klima i fokus, og som stadig er på jakt etter å finne framtidsretta løysingar.

I Sogn og Fjordane Energi (SFE) får ein jobbe saman med støttande og kjekke kollegaer, noko som er viktig for å trivast på jobb. Her jobbar det jordnære folk som ikkje er redde for å dra ein spøk. Arbeidsmiljøet er ein av grunnane til at eg fortsatt jobbar i selskapet, seier Regine Johansen.

– Det må vere spennande å sitte der og løyse problem som stadig kjem opp.

Regine Johansen i Sogn og Fjordane Energi (SFE)

Ny kollega til spennande jobb

No har selskapet lyst ut ei ledig stilling som systemingeniør, med hovudoppgåve om å sikre overvaking og styringa av den livsviktige straumforsyninga i fylket. For personar med relevant utdanning og gode datakunnskapar, kan stillinga vere midt i blinken.

Søk på stillinga

Problemløysing i fokus

Sjølv jobbar Johansen som prosjektleiar for digitaliserings – og innovasjonsprosjekt i SFE, men ho ser føre seg at den ledige stillinga som systemingeniør er svært attraktiv for dei med rett kompetanse og interessefelt.

Det er ein viktig jobb i forhold til kraftforsyning i Sogn og Fjordane. Det må vere spennande å sitte der og løyse problem som stadig kjem opp og vere med på å sikre at alle får straum.

Tidlegare trainee

Johansen kom inn i selskapet som trainee gjennom Framtidsfylket, og ho var ikkje i tvil om at ho ville fortsette då ho fekk tilbod om det.

Ein får tildelt arbeidsoppgåver som er både utfordrande og lærerike. Dei fleste av oss har arbeidsoppgåver som går ut på å hjelpe andre, og det er noko mange finner meiningsfullt. I tillegg er det ein stor bonus å få jobbe i eit framtidsretta selskap som gir mykje tilbake til lokalsamfunnet.

Bygd trumfar by

Sjølv er Johansen frå Karmøy, men ho har vore innom både Bergen og Australia før ho tok med seg flyttelasset til Sandane for vel eit år sidan. Eit val ho er godt nøgd med.

Når ein jobbar i ei mellomstor bedrift på ein mindre plass får ein tildelt meir ansvar. Ein blir meir lagt merke til, og det blir meir synleg kva kvar enkelt gjer. Ein får ei tydelegare rolle i bedrifta, rett og slett, seier ho.

– Om ein er glad i å vere utandørs er Sandane eit mekka.

Padling i Gloppefjorden

Blei imponert

På Sandane bur det nærare 2500 menneske. Det er ikkje stort, men Johansen meiner den vesle bygda har imponert når det kjem til kulturtilbod.

Det er stadig vekk konsertar og interessante foredrag, både i Trivselshagen og på Lauget, som er ein lokal kafé. Om ein er glad i å vere utandørs er det eit mekka. Her kan ein køyre båt, padle kajakk, klatre, gå tur og alt anna ein kan gjere i frisk luft.