Jobb i Westcon

Nyheiter

10 gode grunnar til å jobbe i Westcon

I Westcon er det full fres for tida, og spennande arbeidsoppgåver står i kø. Les meir om kvifor det aldri er kjedeleg på jobb i Westcon.

I spalta «10 gode grunnar» tek vi ein sommarprat med kule bedrifter i Vestland. Først ut er Sunnfjord.

Kva er det mest spennande som skjer i Westcon akkurat no?

Vi ventar storinnrykk og stor aktivitet på alle forretningsområde til hausten, og er i full gang med førebuingane. Vi har fleire skipsombyggingsoppdrag, den største subseakontrakta vi nokon gong har hatt, og i tillegg vert det full fres med skipsservice og – reparasjonar.

Kva er det mest attraktive med å jobbe i Westcon?

Den store variasjonen. Dette gjeld både om du jobbar «på kontor» eller ute i produksjonen. Våre prosjekt, oppdrag og kundar varierer veldig, og det blir aldri kjedeleg her.

Kva kan de tilby dei som ønsker å utvikle seg i bedrifta?

Den nemnde variasjonen gjev store moglegheiter for personleg og fagleg utvikling. Hos oss må alle få og ta ansvar, elles kjem vi ikkje i mål. At vi jobbar prosjektretta med forholdsvis korte tidshorisontar gjer at det er store moglegheiter både for å bevege seg horistontalt og vertikalt i organisasjonen i løpet av kort tid. Ein får oppgåver å vekse på og ein blir sett når ein gjer ein god jobb.

Jobb i Westcon
Jobb i Westcon

Nemn tre små gode som gjer arbeidsdagen fin:

  • Det uformelle og kjekke arbeidsmiljøet med mange gode kollegaer.
  • Fleksitid og moglegheit for heimekontor i stillingar der dette er aktuelt.
  • Grillunsj på Westcon sine sildebord.

Kva er Westcon sitt bidrag i å stoppe klimaendringane?

  • Vi har nyleg fått på plass ein omfattande bærekraftstrategi og jobbar med å konkretisere tiltak for denne.
  • Vår nybygde miljøstasjon sørger for forsvarleg kjeldesortering og handtering av farleg avfall.
  • Vi bygger om hallar med betre isolering, alternative oppvarmingsmåtar og betre styring av ventilasjonsanlegg mot driftstider.
  • Landstraumanlegg.
  • Målingar for å sikre at vi er innanfor grenseverdiar for utslepp og kontrollmålingar av havbotn utanfor verftet.
  • Fortløpande skifte til meir miljøvennlege lyskjelder (LED).

Kva er det viktigaste de gjer for å ta samfunnsansvar?

Ein del av bærekraftstrategien handlar også om å vere ein ansvarleg arbeidsgjevar, både for eigne tilsette og mot lokalsamfunnet. Vi satsar tungt på lærlingar. Til hausten tek vi i mot seks stk. Dette er sjølvsagt viktig for rekrutteringa vår, men vi ønskjer også å vere med og heve status og attraktivitet for yrkesfaga, og då spesielt dei som er retta mot industrien. Vi sponsar også små og store lokale initiativ, spesielt mot bærekraft og aktivitetar for barn og unge.

Kor tid kokar det hos Westcon?

Heile tida. Her er alltid ei prosjektoverlevering, ein tilbodsfrist eller noko anna å henge fingrane i. Du må trivast med høgt tempo for å jobbe her.

Kva jobbsøknadar ligg øvst i bunken hos Westcon?

Det er ulikt frå stilling til stilling. Det kan vere ein fordel om ein har erfaring frå bransjen, men dette er ikkje eit must. Vi er meir opptatt av kven du er, enn av utdanning – «hire for attitude, train for skills».

Kven set spor på intervju?

Dei som er «framme i skoa», i godt humør og ønskjer seg TIL Westcon framfor å søke seg vekk frå noko anna. Det er ein fordel å vere litt sjølvgåande, og sjølvsagt positiv og løysingsorientert.

Vis med eit bilde at det er godt å jobbe i Westcon utan å seie det:

Kollegaert Westcon

Jobb i Westcon