Jobb i Tine

Meir enn instavenleg

Ti gode grunnar til å jobbe i Tine Meieriet Byrkjelo

Tine er alltid på jakt etter reale folk som ønsker å utvikle seg og skape resultat – akkurat som råvarene dei brukar.

Kva er det mest spennande som skjer i Tine Meieriet Byrkjelo akkurat no?

  • Eksport av brunost til Korea.
  • Forbetringsarbeid der vi involverer alle tilsette til å utvikle arbeidsplassen til å bli mest mogeleg effektive.

Kva er det mest attraktive med å jobbe i Tine Meieriet Byrkjelo?

Godt arbeidsmiljø og dyktige medarbeidarar. Du får jobbe i ei samfunnskritisk bedrift som er viktig for norsk matforsyning.

Kva kan de tilby dei som ønsker å utvikle seg i bedrifta?

Vi tilbyr vidareutdanning, kurs og fagbrev. Her får du «rå mogelegheiter for reale folk».

Nemn tre små gode som gjer arbeidsdagen fin:

  • Sikkerheita til tilsette kjem først
  • Hyggelege medarbeidarar
  • Ordna arbeidsforhold

Kva er Tine Meieriet Byrkjelo sitt bidrag i å stoppe klimaendringane?

TINE er kåra til Noregs mest berekraftige merkevare. Vi driv kontinuerleg arbeid med å redusere transport, utslepp og svinn og redusere energiforbruk.

Kva er det viktigaste de gjer for å ta samfunnsansvar?

  • Vi foredlar norsk mjølk til gode og ernæringsrike matvarer.
  • Vi tek årleg inn lærlingar, og vi har tett samarbeid med NAV for inkludering i arbeidslivet.

Kor tid kokar det hos Tine Meieriet Byrkjelo?

Dersom straumen går.

Kva jobbsøknadar ligg øvst i bunken hos dykk?

Fagarbeidarar innan automasjon og prosess.

Kven set spor på intervju?

Engasjerte personar med gode haldningar.

Finn jobb i Tine