Sogn og Fjordane Energi

Nyheiter

10 gode grunnar til å jobbe i Sogn og Fjordane Energi

SFE treng mange nye kloke hovud framover som skal utvikle løysingar for ei grøn framtid.

Kva er det mest spennande som skjer i Sogn og Fjordane Energi akkurat no?

Fornybar energi er sjølve løysinga på klimakrisa, og her er SFE i front i regionen vår. Vi er ein stor produsent av fornybar energi, og vi satsar friskt. Akkurat no er vi i sluttinnspurten med to store vasskraftanlegg og vi byggjer eit vindkraftverk.

I tillegg er nettselskapet vårt, Linja, i front med å prosjektere og bygge framtidas straumnett til å føre fram ny fornybar energi både til kundar, til ny grøn industri og for å jobbe fram den storstilte elektrifiseringa som no skjer i regionen vår.

Kva er det mest attraktive med å jobbe i SFE?


Kjerneverksemda vår er å lage og distribuere verdas viktigaste og flottaste vare, fornybar energi – sjølve løysinga på klimakrisa. Vi er i sentrum av noko stort. I tillegg har vi stadig større fokus på neste steg i klimakampen, nemleg dei grøne løysingane. Vi jobbar med å kutte utslepp i regionen vår gjennom elektrifisering. Vi har nyleg etablert ei berekraftsavdeling som mellom anna har realisert verdas første lynladar for elbåt i Florø, landstraum til skip og fleire ladarar for elbil. I tillegg satsar vi friskt på knopskyting med grøn hydrogenproduksjon i Florø. SFE skal ikkje berre henge med i det grøne skiftet. Vi skal ta ei aktiv og framoverlent rolle – vi skapar den fornybare framtida

Kva kan de tilby dei som ønsker å utvikle seg i bedrifta?


Våre medarbeidarar er vår fremste ressurs. Det er menneska i organisasjonen, kompetansen og engasjementet deira som er krafta vår, og som bidreg til at vi kan utgjere ein forskjell. I SFE satsar ein på enkeltmenneske. Først og fremst er det all læring og utvikling som ligg sjølve jobben vår. I tillegg har vi lagt godt til rette for etterutdanning gjennom jobb, og vi har kontinuerleg medarbeidarar som tek del i leiarutviklingsprogram.

Vi har nettopp tilsett to dyktige traineear, og vi er overvelda over responsen vi fekk på traineestillingane våre. So langt i år har vi tilsett nær 15 nye medarbeidarar, og det er ei spennande tid der heile bransjen står i både eit generasjons- og eit teknologiskifte. Vi jobbar også målretta for større mangfald i SFE. Vi vil trenge mange nye kloke hovud framover, både kvinner og menn, som skal lære av dei erfarne og bidra i utviklinga av dei nye digitale løysingane for ei grøn framtid.

Nemn tre små gode som gjer arbeidsdagen fin:

  • Herlege, hjelpsame kollegaer
  • Sterke fagmiljø. Her er det mange å støtte seg på dersom ein treng hjelp til å løyse ei oppgåve.
  • At vi i tillegg jobbar med noko viktig, framtidsretta og betydningsfullt gjer oss utruleg stolte.
Ledig stilling SFE

Kva er Sogn og Fjordane Energi sitt bidrag i å stoppe klimaendringane?

Vi produserer og distribuerer sjølve løysinga på klimakrisa – fornybar energi og søker aktivt grøne samarbeid med mål om å kutte utslepp. I tillegg har vi løfta vårt interne klimaarbeid, mellom anna ved å danne eit eige Klimapanel i konsernet.

Kva er det viktigaste de gjer for å ta samfunnsansvar?


Ei berekraftig framtid er avhengig av stadig meir fornybar energi og vi jobbar kvar dag med å utvikle ny fornybar energi. På same tid som vasskraft er ei berebjelke i SFE, er mangel på vatn livskritisk i andre delar av verda. Vi har i snart ti år har vi hatt eit samarbeid med Plan International Norge om bygging av vassbrønnar i Sierra Leone og Zimbabwe. Prosjektet har gitt vatn til 47 000 menneske, som tidlegare ikkje har hatt tilgang på reint vatn.

Kor tid kokar det hos Sogn og Fjordane Energi?

SFE består av fleire ulike fagmiljø, og med oss kokar det litt heile tida, i ulike delar av organisasjonen – som består av 250 flotte folk.

Kva jobbsøknadar ligg øvst i bunken hos SFE?


Dei engasjerte menneska som ivrar etter å jobbe med dei grøne løysingane for framtida – ein jobb med meining!

Kven set spor på intervju?


Det er engasjerte, kompetente menneske som ønskjer å ta del i ein framtidsretta bransje.

Vis med eit bilde at det er godt å jobbe i SFE utan å seie det:

Jobb i SFE
Finn jobb i SFE