Jobb SafeClean

Nyheiter

10 gode grunnar til å jobbe i SafeClean

SafeClean er rå på berekraftige og innovative løysingar, og tilbyr eit solid arbeidsmiljø med god takhøgde

Kva er det mest spennande som skjer i SafeClean akkurat no?

Akkurat no jobbar vi med innkøyring av nytt UHT røyrspyleanlegg ved vår lokasjon på Kyrkjebø i Høyanger. Vi har høg aktivitet på kontraktane våre på spyling av NORM kontaminert produksjonsrøyr frå olje- og gassindustrien.

I Stavanger(Risavika) jobbar vi med med oppbygging av nytt og moderne anlegg for å handtere aktivitet innan våre kompetanseområde kjemisk reins, mekanisk reins, samt avfallsfraksjonering. Bærekraft og sirkulærøkonomi i praksis!

Kva er det mest attraktive med å jobbe i SafeClean?

SafeClean er ei moderne og framtidsretta bedrift der nye prosjekt og utvikling alltid er velkommen. Vi har ein framtidsretta kompetanseprofil og skapar bærekraftige løysingar.

Kva kan de tilby dei som ønsker å utvikle seg i bedrifta?

Fleksibilitet, FOU og innovasjonsarbeid innan reinseteknologi og avfallsbehandling.

Nemn tre små gode som gjer arbeidsdagen fin:

Fantastiske fasilitetar, godt arbeidsmiljø og «takhøgde»

Safe Clean Høyanger

Kva er SafeClean sitt bidrag i å stoppe klimaendringane?

Strategisk plassering av lokasjonar tett mot kundar. Det sikrar god logistikk og er eit direkte positivt bidrag av CO2-utslepp. Gjenbruk av vatn frå våre vannreinseanlegg og mobil reinse - og avfallsteknologi er andre eksempel. SafeClean er ISO sertifisert i miljøstanderen 14001.

Kva er det viktigaste de gjer for å ta samfunnsansvar?

FNs bærekraftsmål og den felles dugnaden verda står over, har SafeClean eit aktivt forhold til. Samfunnsansvar er implementert i strategi- og kvalitetsarbeidet internt i bedrifta. Vi har veletablerte etiske retningslinjer, IA-arbeid og deltar i jobbloop, samt at vi satsar på lærlingar og ungdom, sjølv om vi ikkje ekskluderer eldre arbeidssøkarar i rekrutteringsprosessen.

Kor tid kokar det hos SafeClean?

Det kokar på ulike område, men når kunden ringer og det hastar, så er det alltid litt kok. Men også når ein jobbar i team med nye prosjekt og utfordringar, kan ein oppleve god kok.

Kva jobbsøknadar ligg øvst i bunken hos SafeClean?

Prosjektleiarar.

Kven set spor på intervju?

Dei som kan vise til kompetanse, har god haldning, er proaktive og løysningsorienterte, set sentrale spor.

Vis med eit bilde at det er godt å jobbe i SafeClean utan å seie det:

Jobb i Safeclean
Jobb i SafeClean