Jobb i Enivest

Nyheiter

10 gode grunnar til å jobbe i Enivest

Enivest er svake for jobbsøkarane som forstår verdien av å ha kundane i fokus.

I spalta «10 gode grunnar» tek vi ein sommarprat med kule bedrifter i Vestland. Først ut er Sunnfjord.

Kva er det mest spennande som skjer i Enivest akkurat no?

Gjennom det siste året har vi jobba med mange ulike utviklingsprosjekt som vil føre til ei revitalisering av organisasjonen vår. Vi har utvikla eigne system og kjøpt inn nye som skal effektivisere kvardagen vår, både for tilsette og kundar. Vi er i ferd med å lansere mange av prosjekta i desse dagar, og det gir oss eit skikkeleg løft og er ei kjelde til ny «boost» for oss alle.

Kva er det mest attraktive med å jobbe i Enivest?

Vi har eit kjempegodt arbeidsmiljø og vi føler alle på at vi er med på å løfte fylket vårt til eit digitalt nivå som kan konkurrere med dei fleste, både nasjonalt og internasjonalt. I tillegg er det veldig givande å bidra til at endå fleire får tilgang til fiber. Det siste året har vist at det er noko vi absolutt treng, for å kunne henge med i den nye digitale kvardagen.

Kva kan de tilby dei som ønsker å utvikle seg i bedrifta?

Ei spennande moglegheit til å sette spor etter seg. Vi har spennande utfordringar å ta tak i og tilbyr både intern og ekstern kursing. Vi gir også moglegheit til å delta på nettverkssamlingar og konferansar, og ikkje minst moglegheiter til å engasjere seg for samfunnsnyttige satsingar. Det er også ei naturleg utvikling at nye arbeidsoppgåver og ansvarsområde blir lagt til, etter kvart som dei tilsette utviklar seg.

Nemn tre små gode som gjer arbeidsdagen fin:

  • Flott gjeng å jobbe saman med og god takhøgde, også på vitsefronten
  • Dagane er aldri like
  • Vi har dei kulaste firmaturane
Ledig stilling Enivest

Kva er Enivest sitt bidrag i å stoppe klimaendringane?

Vi er medlem av klimapartner Vestland og skal ha stort fokus på bærekraft framover. Vi vurderer kontinuerleg korleis vi kan bidra til lågast mogleg CO2 utslepp og effektiv bruk av energi. Vi ønsker blant anna å samarbeide med partnarar og leverandørar som har ein aktiv miljøprofil og gjerne eit tiltaksprogram. På Vestlandet er vasskraft mykje brukt som ei fornybar energikjelde. Dette er eit godt utgangspunkt for vårt berekraftsarbeid framover.

Kva er det viktigaste de gjer for å ta samfunnsansvar?

Ved at vi bygger ut fiber i fylket vårt, er vi med på å ta «heile verda» til Vestland. Spesielt har vi sett kor viktig det er at innbyggarane i Vestland har hatt godt internett gjennom pandemien. Vi engasjerer oss for utdanning og rekruttering i regionen vår, er med i Framtidsfylket, IT-Forum Vest, IKT-Norge sitt EKOM-Forum, Fiberforeningen, Hub For Ocean med fleire. Så likar vi å gi tilbake til samfunnet i form av sponsorstøtte til lag- og organisasjonar.

Kor tid kokar det hos Enivest?

He, He, stort sett heile tida. Vi er i ein bransje med konstant utvikling, så her er det berre å henge på.

Kva jobbsøknadar ligg øvst i bunken hos Enivest?

Vi er svake for dei kandidatane som forstår verdien av å ha kundane i fokus. Dette må vere gjennomsyra i alle ledd i organisasjonen vår. Vidare ser vi også etter dei som er tydelege på korleis dei ønsker å bidra til at vi som organisasjon kan vidareutvikle oss.

Kven set spor på intervju?

Dei som vil bidra til at vi saman når målet om å tilby kundane våre det aller beste. Rett og slett kandidatar som vi kjenner på at vi kan knyte «sterke band» saman med.

Vis med eit bilde at det er godt å jobbe i Enivest utan å seie det:

Jobbe i Enivest
Jobb i Enivest