Digdir

Nyheiter

10 gode grunnar til å jobbe i Digitaliseringsdirektoratet

Når Digdir skal modernisere Norge, ser dei etter deg som torer å utfordre og tenke nye tankar.

Kva er det mest spennande som skjer i Digdir akkurat no?

Her skjer da ALLTID mykje spennande. Vi jobbar med digitalisering - i realiteten handlar det om å modernisere Norge og utvikle løysingar som skal gjere kvardagen enklare for deg og meg. Me er opptekne av koronasituasjonen og jobbar no med ein elektronisk ID for utlendingar som er nødvendig for testing av utanlandske statsborgarar.

Me tek i bruk ny teknologi i løysingane våre samtidig som bruken aukar valdsamt og vi skal levere samfunnskritiske komponentar.

Kva er det mest attraktive med å jobbe i Digdir?

Spennande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø! Våre folk er involverte i mange viktige utviklingsprosjekt på nasjonalt plan, og også internasjonalt.

Kva kan de tilby dei som ønsker å utvikle seg i bedrifta?

Her er det store moglegheiter for å påverke utforminga av tekniske løysingar og bidra kreativt for å skape ei god samfunnsutvikling.

Nemn tre små gode som gjer arbeidsdagen fin:

  • Viktig samfunnsoppdrag.
  • Ein kommentar om at «ditta vart bra du» frå ein kollega.
  • Kjempegod kantine!
Digdir

Kva er Digdir sitt bidrag i å stoppe klimaendringane?

Me lagar digitale løysingar som reduserer papirbruk, unødvendig reiseaktivitet og enkelt sagt gjer livet enklare for innbyggarar og samfunnsliv.

Kva er det viktigaste de gjer for å ta samfunnsansvar?

Me digitaliserer og gjer kvardagen enklare. Vi bidreg til eit opent samfunn og ei betre forvalting gjennom å levere gode løysingar som gir innsyn i kva det offentlege arbeider med.

Kor tid kokar det hos Digdir?

Stort sett heile tida, men det er viktig at det ikkje kokar over. Det gjer det heldigvis svært sjeldan.

Kva jobbsøknadar ligg øvst i bunken hos Digdir?

Dei som torer utfordre og tenke nye tankar. Me treng heile tida nye innspel til korleis gjere kvardagen enklare for våre innbyggarar. Dette skjer både gjennom faglege utfordringar, og også gjennom nye måtar og tenke, arbeide og samhandle på.

Digdir

Kven set spor på intervju?

Dei som VIL noko og viser at dei har ei indre drivkraft. Er du frampå, teknologiinteressert og har relevant utdanning har vi bruk for DEG.

Vis med eit bilde at det er godt å jobbe i Digdir utan å seie det:

Digdir
Jobb i Digdir